Hopp til innhold

Ber sogndøler og lustringar støtte medisinsk senter

– Sogndal og Luster må ta til fornuft og støtte lokalmedisinsk senter i Lærdal, seier Ap-nestor Knut O. Aarethun.

Knut O. Aarethun

DÅRLEG KLIMA: Knut O. Aarethun meiner det blir dårleg klima om ikkje alle samarbeider om eit medisinsk senter.

Foto: Arne Eithun / NRK

Medan dei andre kommunane i indre Sogn stiller seg bak Lærdal, går Sogndal og Luster sine eigne vegar. Aarethun seier dette er svært uheldig.

– Det er klart at dette ikkje lagar noko godt klima. Eg håper dei tek til fornuft, seier den tidlegare fylkesordføraren og ordføraren i Lærdal.

Opphavleg stilte alle dei sju kommunane i indre Sogn, Vik, Leikanger, Sogndal, Luster, Årdal, Aurland og Lærdal, seg bak eit lokalmedisinsk senter i Lærdal.

Planen for det lokalmedisinske senteret ved Lærdal sjukehus er mellom anna felles legevaktsentral, akuttsenger og fagnettverk for ulike diagnosegrupper.

Droppar truleg ut

Men no tyder det meste på at både Sogndal og Luster droppar ut av viktige delar av samarbeidet. Reaksjonane på dette har vore sterke, og no kastar den politiske sluggeren Knut O. Aarethun inn i debatten.

– No må Lærdal få lov å vere ein helsekommune i indre Sogn. Sogndal og Luster kan gjere ting på andre område. Eg hadde håpa at vi skulle la vere å konkurrere om dette.

Vil ikkje byggje ned tenester

Laura Kvamme frå Senterpartiet, som er varaordførar i Sogndal, avviser kritikken frå Aarethun.

– Eg tykkjer ikkje det er egoistisk å sørgje for at pasientane våre får eit nært tilbod og som er godt og fagleg forsvarleg. Vi har legevakt 24 timar i døgnet og dette tilbodet ønskjer vi å halde fram med. Vi vil ikkje flytte ei teneste som fungerer godt i dag, over til Lærdal.

Men Aarethun står på sitt og meiner alle bør støtte senteret.

– For år sidan gav statsråden klar melding om at ein bør jobbe for å etablere eit medisinsk senter for Sogn ved sjukehuset i Lærdal, seier han.