Hopp til innhold

Historikar skuldar Førde og Sogndal for å leve etter fascistiske ideal

– Det er trist og uverdig. Og hårreisande å bli skulda for å leve etter fascistiske ideal, seier ordførar Olve Grotle (H) i Førde.

Johs. B. Thue og Førde og Sogndal.

SKULDINGAR: Johs B. Thue skuldar Førde og Sogndal kommunar for å leve etter fascistiske ideal.

Foto: Fotomontasje / NRK

Skuldingane kom i romjula i form av ein aviskronikk i Firda, signert historikar og samfunnsdebattant Johs. B. Thue.

Her hevdar den tidlegare høgskulelektoren, og fylkesleiaren i Arbeidarpartiet, at Sogndal og Førde aldri får nok, og at dei lever etter idealet om at nokon må alltid få det verre, om nokon skal få det betre.

Olve Grotle, ordførar i Førde kommune

SKUFFA: Ordførar i Førde, Olve Grotle.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– At ein samanliknar sogndølar og førdianarar med fascistar. Det tykkjer eg er trist og verkar grenselaust, seier Førde-ordførar Olve Grotle (H).

– Høgre gøymer seg

I artikkelen både kritiserer og rosar Thue den raudgrøne regjeringa. Han refsar nedbygginga av lokalsjukehusa i fylket, som ifølgje han er velsigna av styremedlemer frå Ap og Sp som er «mødesam leita fram frå partia sine oldsakssamlingar».

Samstundes meiner han Grotle og Høgre gøymer seg frå debatten:

– Den andøvande marulken, som ligg og ligg, blei eit sigersikkert, politisk ideal.

– Må stå åleine

– Alt er i endring, i Sunnfjord, i Nordfjord og i Sogn. Mest i Sogn, altså, som lever midt i virvlane av internasjonal kriseøkonomi. Industriarbeidarane i Årdal og Høyanger, som skaper verdiane våre, veit kva dårlege tider vil seie. Og dei må stå åleine, skriv Thue og hevdar solidaritet utover kommunegrensene ikkje finst.

– No kan også skulane deira fara. Sogndal og Førde får aldri nok og lever etter det fascistiske idealet om at nokon må alltid få det verre, om nokon skal få det betre, skriv historikaren.

– Så enkelt er det i dag

– Er det nokon som hugsa jubelen blant sjukehustilsette i Førde, videooverført, då dei oppdaga at kollegaene deira i Lærdal og på Nordfjordeid ville mista arbeidet sitt? "Solidaritet - farvel" er ikkje berre filmtittel, men beinhard røyndom, særleg i helsesektoren, held Thue fram og viser til at Høyanger, Fjaler og Hyllestad har stilt opp for Førde i sjukehuspolitikken.

– Stiller Førde opp for Dale og Høyanger sine vidaregåande skular? Stiller Sogndal opp for Årdal, midt i ei djuptgripande krise? Sjølvsagt ikkje. Folk i Førde og Sogndal får det berre betre viss andre får det verre. Så enkelt var det for hundre år sidan. Så enkelt er det i dag, skriv Thue.

– Drep debatten

Thue har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar i dag.

I Førde tykkjer ordførar at historikaren nyttar så sterke bilete og verkemiddel at debatten blir drepen.

– Dei tema som Johs B. Thue tek opp, tykkjer eg er interessante, men når du brukar slike stigmatiserande omgrep og bilete, så får du ikkje debatt. Då stoppar det heile opp. Eg har vel tenkt som så, at den som brukar slike bilete plasserer seg på ein stad der han eigentleg bør få vere åleine, meiner Grotle og ikkje ynskjer noko orsaking etter kronikken.

Vil ikkje overdrive

– Kva gjer det med diskusjonen generelt i fylket, at ein får slike kronikkar som ein har fått her?

– Nei, det veit eg ikkje. Eg trur ikkje vi skal overdrive det heller. Eg trur vi skal sjå på dette som eit feilskjær frå ein elles svært debattantivrig og kunnskapsrik person, og at denne gong har han ikkje berre har tatt ei skei tran, men ei heil flaske og vel så det, avsluttar Grotle.