Hopp til innhold

Bransjen fryktar netthandel kan truge lokale sportsbutikkar

Førdes eldste sportsbutikk, Førde Sport måtte i helga legge inn årene. Dårleg sal i vinter og konkurranse frå netthandlar er hovudårsaka.

Sportsbutikk

IKKJE PLAGSOMT: Ved Sport 1-butikken i Førde har dei ikkje merka netthandelen som eit stort problem.

Foto: Marius Hallem / NRK

– Eg handlar på nettet. Det gjer eg fordi det er større utval og det er billegare, seier student Morgan Myrmel.

Trur på auka nettsal

Det blir no etablert mange store sportsbutikkar byane, samstundes som nettsalet aukar. Konkurranse frå nettbutikkar var også ein av faktorane som spelte inn då Førde sport i helga gjekk konkurs.

Administrerande direktør i Sportsbransjen AS, Bård Kristiansen, trur nettsalet kjem til å auke meir med tida.

– Men eg trur dei fleste vil gå i butikkar for å prøve varene, kjenne korleis jakka eller skia passar. Det er ikkje enorm nettsal, men eg trur det kjem, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trond Aase

IKKJE STORT PROBLEM: Trond Aase ved Sport 1 i Førde føler seg ikkje truga av nettbutikkane enno.

Foto: Marius Hallem / NRK

Ikkje problem enno

Dagleg leiar i Chatlet Sport 1 Førde, Trond Aase ser ikkje på nettsalet som eit veldig stort problem på det noverande tidspunkt.

– Det er ikkje eit veldig stort problem, men vi merkar at folk kommenterer netthandel. Eg trur folk er opptekne av at dei har ein stad der dei kan komme tilbake og snakke om det dei har kjøpt. Vi er opptekne av å byggje relasjonar til folk, seier han.

– Du føler deg ikkje truga av nettbutikkane?

– Nei, ikkje på det noverande tidspunktet, seier Aase.

Vil svare med kunnskap og service

Dagleg leiar i Intersport Sogndal Reidar Dvergedal fortel at dei har merka konkurransen frå internettbutikkane.

– Nettbutikkane har eksisterte ei tid og vi merkar sjølvsagt ein viss konkurranse. Det har vore spesielt merkbart det siste året. Då gjeld det å svare med den kunnskapen og servicen vi har, det som ikkje nettet kan tilby.

Dvergedal legg til at nettbutikkane er noko ein må ta på alvor.

– Det blir berre meir og meir på nettet, så desse butikkane må vi ta på alvor. Dei har kome for å bli. Vi må gjere tiltak for å avgrense det mest mogleg. For eit lokalsamfunn er det viktig at folk støttar opp om dei lokale butikkane.

Prøvar i butikk – handlar på nett

Trond Aase i Førde er optimistisk med tanke på framtida.

– Eg ser lyst på framtida, med både gamle og nye utfordringar som vi må møte i bransjen.

Studenten Per Anders Berge seier at han handlar på nett og i butikk.

– Eg handlar mest på butikk, det er fordi det er lettare å finne varene eg vil ha det. Men det hender at eg handlar på nettet. Når eg skal ha fotballsko, prøver eg dei i butikken før eg kjøper dei i ein nettbutikk. Det blir billegare, seier han.