Hopp til innhold

Ronny er lei av at kroppen streikar

Ronny Hafsås frå Stårheim håpar å kome i toppform til NM i langrenn som startar 24. januar. Men han er redd for at sjukdom igjen skal øydelegge for han.

Ronny Hafsås, sesongopning Beitostølen

HÅPAR Å VERE FRISK I NM: Ronny Hafsås.

Foto: Rune Fossum / NRK

For dei siste to-tre åra har det vore ein vond sirkel:

– Når eg er i skikkeleg god form så blir eg forkjøla. Det verkar som om kroppen ikkje toler å vere i toppform. Då er eg ekstra mottakeleg for sjukdom.

Midt i november slengde han med i opningsrennet i skiskyting på Beitostølen. Han overraska alle, inkludert seg sjølv, med å bli nummer to, berre slått av Martin Fourcade.

Ronny Hafsås jublar etter klaff på Beitostølen

JUBEL I 'FEIL GREIN': Ronny Hafsås vart nummer to i skiskyting på Beitostølen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Sjuk igjen, som vanleg

Men etter det har det gått opp og ned. Luftvegane har ikkje vore slik at han har kunna prestere på topp.

– Forma var stigande etter helga på Beitostølen, men så vart eg sjuk igjen, som vanleg.

I Skandinavisk Cup like over nyttår vart han nummer fem i eit renn i fri teknikk, rundt eitt minutt etter vinnaren Martin Johnsrud Sundby. Det var Ronny ikkje nøgd med.

– Det var OK, men eg gjekk ikkje særleg godt. Det manglar det heilt store for å klare å hevde meg der eg har lyst å hevde meg. Kvar gong eg kjenner at det held på å losne så får eg ein sjukdomsreaksjon, det er litt trasig.

Ironisk: Nummer to i «feil grein»

I fjor tok Ronny Hafsås avgjerda som mange meiner han burde ha teke lenge før: Han kutta ut skiskyting og satsa på langrenn. Då er det litt ironisk at det einaste toppresultatet denne sesongen kom då han tok fram geværet og deltok i skiskyting på Beitostølen.

– Håpar å bite godt frå meg

Men no er det fullt fokus på NM i langrenn, som blir avvikla i Vang i Hedmark 24.-27. januar. Ronny bur på Lillehammer, han har meldt seg inn i Lillehammer Skiklubb, og der har han ideelle treningsforhold.

– Målet er å hevde meg i toppen på 15 km fri teknikk torsdag 24. januar. Det har ikkje vore det heilt store til no, så der håpar eg å bite godt frå meg. Og så skal det bli moro å gå stafett for Lillehammer søndag 27. januar. Det blir spennande.

Han har prøvd NM-løypene i eit lokalt renn i romjula og meiner skøytetraseen passar godt til hans måte å gå på. No kryssar han fingrane for at toppforma skal innfinne seg, og at han unngår sjukdom.