Hopp til innhold

Vurderte å leggje opp - satsar mot nytt olympisk meisterskap

Ronny Hafsås var nær ved å legge opp som idrettsutøvar. I staden blir han lagkamerat med Roger Aa Djupvik i langrennsklubben Lillehammer skiklubb/Team Birken.

Ronny Hafsås etter 15 km. fristil på Whistler Olympic Park i OL i Vancouver 2010.

SIKTAR MOT OL ATT: Ronny Hafsås var skuffa etter 42. plass i OL 2010. No satsar han mot eit nytt olympisk meisterskap.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

Stårheimaren varsla allereie i vinter at han ville legge skiskyttarbørsa på hylla , og at det vart langrenn dersom han skulle halde fram med idrett.

Etter å ha vore veldig nærme å leggje opp som idrettsutøvar, bestemte Ronny Hafsås seg endeleg for å satse vidare for ei knapp veke sidan.

– Eg var komen så langt som mogleg eigentleg. Det har vore mykje negativitet og mange nedturar siste to åra. Ting har ikkje stemt og eg har følt eg har vore langt frå der eg bør vere. Då er det ikkje kjekt å bruke så mykje tid på det når du berre får tull attende, seier 26-åringen til NRK.no.

Fekk trua tilbake

Etter fleire rundar med seg sjølv og sine næraste, kom lysta meir og meir attende på å satse.

Med ei veldig interesse frå Lillehammer skiklubb og trenar Torstein Drivenes, valde Hafsås å halde fram. Der blir han lagkamerat med Roger Aa Djupvik frå Hyen .

– Dei var veldig ivrige på å ha meg med, og viste veldig engasjement. Dei gav meg trua på ting som er ugjort, noko som sakte men sikkert gav meg lysta tilbake. No har eg lyst til å satse skikkeleg att, seier Hafsås.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video nsps_upload_2009_11_21_18_59_3_964.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

SJÅ TV-SAK: Ronny Hafsås vil ikkje satse på langrenn.

– Alle treningsgruppers draum

Trenar Drivenes er veldig nøgd med å få Hafsås med på laget, og ser stort potensial i den tidlegare skiskyttaren.

Han skildrar Hafsås, som han gjekk saman med på skigymnaset, som alle treningsgruppers draum.

– Eg meinte allereie at han som 16-åring burde kaste børsa og satse med oss. Han har alltid vist at han kan gå fort på ski, han har god skiteknikk, eit sterkt ynskje om å bli god. Det er grunnen til at vi verkeleg, verkeleg ville ha han med. Når alt klaffar kan han bli verdas beste skøytar, seier Drivenes.

Allereie på bra nivå

Hafsås har ifølgje trenaren overraska veldig på testløpa klubben allereie har gjennomført.

– Eg må seie at kapasiteten hans allereie er på eit bra nivå. Han har eit godt utgangspunkt for å lykkast, seier han om Hafsås som i mange år vart skildra som eit stort skiskyttartalent.

I 2004 vart Hafsås juniorverdsmeister med det norske stafettlaget, og fire år seinare kom han med på det norske rekrutteringslandslaget og fekk sin verdscupdebut i skiskyting.

Forsiktig med press

Som skiskyttar fekk han sesongen etter si beste plassering då han vart nummer seks i opningsrenna i verdscupen. Etter dårleg skyting og svake plasseringar satsa han mot OL 2010 med langrennslaget. Her vart han nummer 42 på 15 kilometer fristil .

Hafsås har både stafett- og individuell siger i verdscupen i langrenn, og han har NM-sølv på 15 kilometer fristil frå 2008. Når han no satsar for fullt på langrenn, er han forsiktig med å legge press på seg sjølv.

– Det langsiktige målet er sjølvsagt å ha trua på å komme tilbake på internasjonalt nivå. Om ikkje hadde eg ikkje orka å satse vidare. Eg har framleis ambisjonar om verdscup på sikt, VM og OL, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Hafsås vant verdenscupåpningen i 2009

SJÅ TV-SAK: Ronny Hafsås vann verdscupopninga i 2009.

Siktar mot OL

– No orkar eg ikkje å leggje så mykje press på meg sjølv. Det har eg drite meg ut på mange gonger før. No må eg ha litt realistiske mål på ting, og trene meg sakte men sikkert opp att, seier han.

– Det er mykje trening som må nedleggjast, for på seinvinteren slapp eg meg veldig langt ned. Det er ein stor jobb som må gjerast før eg i det heile kan lukte på verdscup, seier han og legg til:

– Men femmila i OL har eg i bakhovudet, for å seie det slik. Det er endå meir realistisk i og med at det er to år til, men kroppen må fungere og må vere tilbake til der eg var på det beste og bli endå betre enn det for å ha sjanse.

– Ikkje noko lett val

Hafsås fortel at eit nytt miljø med nye folk og ny tru på han som idrettsutøvar har gitt han motivasjonen for å halde fram som idrettsutøvar.

Sjølv om det var vanskeleg å satse for fullt i ein annan klubb enn barndomsklubben Stårheim.

– Valet var ikkje heilt lett, men litt lettare i og med at det no er langrenn eg satsar på og Stårheim er skiskyttarklubb. No kan dei bruke all tid og krefter på dei unge og lovande som er i klubben. Dei har veldig gode ting på gang

Vil gå fort igjen

26-åringen ser ikkje vekk ifrå at han likevel kan dukke opp på startlistene i enkelte skiskyttarrenn, som representant for Stårheim.

– Det kan jo skje, men det blir ikkje særleg med trening med børsa. Det kan nok vere eg kastar meg med for moro, seier han.

– Men først og fremst handlar det no om å komme tilbake og å få kroppen til å fungere. Eg vil gå gode skirenn igjen, der eg går verkeleg fort. Det er veldig lenge sidan eg har gjort, avsluttar han.