Hopp til innhold

Vakkert nordlys over Sognefjorden

Natt til måndag var kaskader av vakre fargar på himmelen over Sognefjorden.

Nordlys over Sognefjorden

VAKKERT: Slik såg det ut over Sognefjorden natt til måndag.

Foto: Gøril Sætre

Nordlyset skuldast ein eksplosjon på sola, der sola kastar ein enorm skur med partiklar ut i rommet. Fotograf Gøril Sætre i Gulen fekk sjå dette magiske skuet på himmelen.

– Det er ikkje ofte vi ser eit så skarpt nordlys her i området, men kring kl 23.30 i går kveld var det berre heilt fantastisk.

Ho sat og jobba seint i går kveld, då ho fekk tips frå eit familiemedlem om å sjå ut.

– Då var det berre å hive seg rundt å få med seg kamera, fortel ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nordlys

MEKTIG SYN: Her har fotograf Truls Kleiven teke bilete av veteranbåten Atløy i Florø natt til måndag.

Foto: Truls Kleiven

Statsmeteorolog Berit Hagen ved versvarslinga på Vestlandet seier til NRK.no vêret har mykje å seie for kvar tid ein får sjå det fantastiske fargespelet på himmelen,

– Er det bra vêr slik som no, er moglegheita større for å sjå nordlyset, seier ho.

Har du bilete eller video frå nordlyset i natt? Send dei til oss! SMS: kodeord SF til 1987 eller e-post: sf@nrk.no