Hopp til innhold

Nordlys over fylket i natt

Natt til tysdag kunne ein sjå spektakulært nordlys fleire stader i fylket. Dette biletet er teke i Florø.

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

Nordlys over Breim. Foto: Runar Sandnes/astrofoto.no

Men om det blir moglegheiter til å sjå meir nordlys i kveld er høgst usikkert. For det fyrste må det vera nordlys, og for det andre må det vera klårvêr.

– Det kjem inn nokre skyer utover dagen, so det blir mest truleg for mykje skyer til at ein kan sjå noko nordlys, seier statsmeteorolog Dag Kvamme.

Det er meldt betre vêr mot slutten av veka, og er du heldig, kan nordlyset syna seg då også.

  • Har du bilete frå nordlyset i natt? Send dei til oss!
    SMS: kodeord SF til 1987
    eller epost: sf@nrk.no

– Nordlys kan vara i fleire døgn på rad, og vêret blir betre utover i veka, so det er nok større sjans for å sjå det då enn i kveld, seier Kvamme.

Nordlys over Florø

FLORØ: Slik såg det ut over Florø i går kveld. Sjå fleire bilete i biletegalleriet i botn av saka.

Foto: TRULS KLEIVEN / NRK