Bø vil kome i toppform før VM startar 7. februar i Tsjekkia. Korleis? Det får vi ikkje vite.
– Eg har ein nøye plan som eg held hemmeleg for meg sjølv, og den ligg eg litt føre.
– Hemmeleg for oss også?
– Ja, seier Bø leande.
VM i skiskyting startar 7. februar i Nove Mesto i Tsjekkia .
Lenge sjuk
I sommar og haust var Bø sjuk. Prøvene på den frykta TWAR-bakterien var først negative, men i november viste det seg likevel at han hadde bakterien i kroppen.
- SJÅ VIDEO: Bø tilbake i trening
Det førte til at han ikkje gjekk eit einaste verdscupløp før nyttår. Men no er det historie. Bø seier sjølv at han ligg godt an.
– Eg er faktisk litt føre skjema i høve det eg hadde planlagt. Så eg er ganske fornøgd, seier Bø.
Søndag enda han på 14. plass i fellesstarten, 47,3 sekund bak vinnar og rival Martin Fourcade frå Frankrike.
Feil ski
Feil val av ski gjorde konkurransen ekstra tung.
– Det er eit bra skiskyttarløp, men det går litt for sakte. Det var tungt. Eg valde eit feil skipar også, så eg sleit veldig i det lette terrenget, seier stryningen.
- LES OGSÅ: Satsar på topp 10 plassering
– Eg klarte ikkje å henge på der ein vanlegvis sit i hockey, seier han.
Fornøgd med skytinga
Under sprinten laurdag tok han ned 10 av 10 blinkar. Søndag vart det ein bom på 20 skot.
Det var likevel ein god dag for det norske laget, med 4 blant dei 14 beste.
– Skytinga var veldig bra. Eg har bra kontroll på skytinga no, så det er veldig artig. Som lag så gjer vi ein solid skyteinnsats. Vi har jo fått litt tyn for skytinga vår, så no viser vi at vi kan, seier Bø.
– Kor langt unna føler du at du er ein form du vil vere tilfreds med før VM?
– Eg har god sjølvtillit på skytinga. Den er på plass til VM. Så får vi fikse litt på den fysiske forma, seier Bø, utan å røpe noko meir om den hemmelege planen han har.