Hopp til innhold

Tarjei satsar på topp ti plassering

Den sterke etappen under stafetten på onsdag gav Tarjei Bø fornya sjølvtillit. I dag satsar han på ei plassering blant dei ti beste på sprinten.

Tarjei Bø

TOPP TI: Tarjei Bø satsar på feilfri skyting og ei plassering blant dei ti beste når skiskyttarane går sprint i Rupholding laurdag kveld.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Stryningen er endeleg tilbake i verdscupen etter at han har vore vekke i fleire månader på grunn av sjukdom. På onsdag gjekk han ei kjempeetappe for Norge under stafetten, sjølv med tre ekstraskot på siste skyting gjekk han laget opp til tet ved veksling.

Norge enda til slutt på andre plass, og Bø går på vidare med ny sjølvtillit, skriv Bergens Tidende. Laurdag kveld er det duka for sprint i Rupholding, og Bø har målet klart.

– Skyt eg feilfritt eller maksimalt ein bom kan eg hamne topp ti. Det er målet, seier han ifølgje Bergens Tidende.

Også framover ligg ambisjonsnivået høgt. Får han sjansen vil han helst gå alle konkurransane under VM.

Du kan sjå dagens sprint direkte på NRK1 frå klokka 18.15, eller du kan følgje rennet direkte i Nett-TV her.