Hopp til innhold

- Hunden redda livet hans

Snikkaren som budde i huset i natt kan prise seg lukkeleg for at han hadde med seg hunden. Den oppdaga nemleg brannen og fekk mannen til å slå alarm.

Bustadhus i full fyr på Sande

FULL FYR: Kort tid etter at brannvesenet kom fram til staden stod flammane ut gjennom taket.

Like over klokka fire natt til søndag kom meldinga om at eit bustadhus stod i full fyr på Sande i Gaular. Ein mann i 60-åra og ein hund var i huset då brannen tok til.

Sondre Venås eig hus og var i ferd med å pusse opp, skriv avisa Firda. Han prisar seg lukkeleg for at snikkaren som budde i huset kom frå det utan skader.

Han bur sjølv i Førde, og då han vart riven ut av søvnen og fekk melding om brannen i natt fekk han panikk.

– Eg hadde telefonen min på lydlaus, så det var mor mi som fekk telefonen. Ho kom springane ned til meg og sa at huset brann.

– Det første eg tenkte på var snikkaren som var i huset. Eg fekk litt panikk, seier Venås til NRK.no.

Kom seg i bilen på halvanna minutt

Deretter gjekk alt veldig fort.

– Eg kom meg i bilen på halvanna minutt og då eg kom ned der såg eg berre masse brannbilar og ambulanse og alt mogleg.

Til alt hell fekk Venås fort vite at snikkaren som hadde sove i huset hadde kome seg uskadd ut.

– Han hadde kome seg inn til naboen og fått på seg nokre varme klede. Han måtte springe berrføtt ut av huset, fortel Venås til NRK.no.

– Hunden redda han

Bustadhus i brann på Sande

REDDA SEG UT: Mannen som var i huset vart vekt av hunden sin og greidde redde seg uskadd ut.

Foto: Privat

Snikkaren som budde i huset hadde med seg hunden sin, og det var den som vekte han, fortel Venås til Firda.

– Hunden vart uroleg, og då skjønte han at noko var gale, forklarar huseigaren til NRK.no.

På grunn av oppussingsarbeidet var det ikkje noko trapp mellom første og andre etasje, men berre ein stige, skriv Firda.

– Snikkaren måtte kaste hunden ut av eit vindauge i andre etasje, for så sjølv å klatre ned stigen, seier Venås til avisa. Snikkaren fekk varsla naboen som kontakta brannvesenet.

Han tek brannen svært tungt, men seier han er svært glad for at hunden var i huset.

– Hunden redda livet hans, seier Venås til NRK.no.

Hadde vore vanskeleg å takle

Det var mormora til Venås som eigde huset, og etter at ho gjekk bort ville 30-åringen pusse opp huset og flytte frå Førde til Sande. No er alt borte, men det materielle tapet skal han finne ein måte å takle.

Det viktigaste for Venås er at snikkaren kom frå det med skrekken.

– Det hadde vore vanskeleg å takle det om han hadde brent inne i mitt hus. Det var jo han som skulle hjelpe oss, seier han.

Venås seier dei jobba i huset seinast i går. Kva som er årsaka til brannen veit han ikkje og han vil heller ikkje spekulere i det. Politiet etterforskar brannen.