Hopp til innhold

Berga seg uskadde frå brann

Like over klokka fire natt til søndag kom meldinga om ein brann i eit bustadhus på Sande. Inne i huset var ein mann og ein hund.

Bustadbrann på Sande

TOTALSKADD: Huset er totalskadd etter brannen i natt. Til alt hell vart ingen personar skadde.

Foto: Privat

Alle naudetatane rykte ut etter melding om brannen i huset som ligg i eit byggjefelt på Sande i Gaular.

Det var ein nabo som meldte frå om brannen, men då brannvesenet kom til staden brann det kraftig. Etter vel ti minutt meldte brannfolka på staden frå om at huset var overtent – flammane stod då gjennom taket på huset.

Ein mann i 60-åra og ein hund var i huset då det byrja brenne. Til alt hell greidde dei å ta seg ut, utan skader. Mannen skal ha forklart til redningsmannskapa at han hadde vore åleine i huset.

Brannvesenet var i morgontimane søndag framleis på staden og heldt på med sløkkjearbeid. Ifølgje Alarmsentralen skal huset vere totalskadd.

Huset var under oppussing, men politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til brannen. Saka blir vidare etterforska av politiet i Gaular, Førde og Naustdal.

NRK får opplyst ved operasjonssentralen at politiet vil snakke med vitne og mannen som var i huset i løpet av søndagen.