Hopp til innhold

Mann skoten med luftgevær på fest

Ein ung mann vart natt til søndag skoten i bringa. Til alt hell var det berre snakk om eit luftgevær.

Politiet over heile fylket har natt til søndag rykt ut til ei rekkje oppdrag. I Vågsøy kom meldinga om at ein mann var blitt skoten med luftgevær.

Hendinga skjedde i halv tre tida og ifølgje politiet vart mannen treft i bringa. Han skal ikkje ha blitt skadd. Episoden fann stad i samband med ein privatfest på Bryggja. Politiet vil sjå nærare på saka.

Stogga med 738 kilo kjøt

Også i Førde hadde politiet arbeid i løpet av natta. Seint laurdag kveld stogga politiet ein personbil med to menn som høyrer heime i Østfold.

Dei to mennene hadde med seg 738 kilo ulovleg innført kjøt, i tillegg til 1000 sigarettar og 50 kilo tørrfôr. Dei to blir melde for brot på tollova. Politiet har teke beslag i varene og etterforskar saka vidare.

Seinare på natta fekk politiet i byen melding om det som kunne ha blitt ei trafikkulukke. Ein person var nær ved å bli køyrd ned i sentrum, og det skal i etterkant ha blitt ein konfrontasjon mellom føraren av bilen og fotgjengaren.

Politiet har snakka med begge to, ingen vart skadde.

Like etter melde politiet ein rusa mann i 30-åra for urinering på offentleg stad.

Hadde ikkje arbeidsløyve

Natta vart lang for politiet i Førde. Seinare på natta kom dei nemleg over to menn i 30-åra som arbeidde på ein serveringsstad utan arbeidsløyve.

Politiet har meldt bedriftseigaren for å nytte tilsette utan arbeidsløyve, medan dei to mennene av utanlandsk opphav blir melde for å jobbe utan gyldig arbeidsløyve.

Rusa kvinne send til sjukehus

I Gloppen måtte ambulansepersonell ta han om ei jente i slutten av tenåra som ikkje greidde ta hand om seg sjølv. Jenta var overstadig rusa og vart køyrd til sjukehuset i Førde.

Politiet opplyser at episoden skjedde i samband med eit arrangement på Sandane.

I Vågsøy kontrollerte politiet i natt ein utestad etter tips om at personar som ikkje var gamle nok fekk servering. Fire personar vart viste fekk frå staden, men det skal ikkje ha vore ting som tyda på at dei hadde fått servert alkohol.

Stakk av med bil

Ein bileigar i Florø fekk seg nokre nervepirrande minutt i natt. Like over klokka 04 vart bilen hans stolen, men berre vel ein halvtime seinare vart den funnen att. Bilen stod og gjekk utanfor Hotell Comfort då den vart vekke.

Det var ingen synlege skader på bilen då bilen vart funnen att i krysset Nybøvegen og Krokavegen.

Politiet har ingen mistenkte i saka og ber dei som veit noko om å ta kontakt på telefon 02800. Det er oppretta sak og Flora politistasjon ser nærare på episoden.

På Sande rykte politiet ut til ein brann i ein privatbustad, medan politiet i Årdal rykte ut etter melding om uro i ein privatheim.