Fannemel har sin debut i hoppveka i år, og både mor og far, Ola Rasmus Fannemel, følgjer sonen på dei ulike renna i Tyskland og Austerrike.
Mykje ståhei
Fannemel frå Hornindal enda på 20. plass tysdag. Det er opp tre plassar frå hopprennet søndag.
Blant tusenvis av publikummarar i Garmisch-Partenkirchen stod foreldra godt plassert.
Med norske flagg i hendene følgde foreldra til Anders Fannemel rennet saman med mor til Rune Velta og Tom Hilde.
– Kor spent er ei mamma når sonen debuterer i hoppveka?
– Det er uverkeleg at det er vår Anders som er her, seier mora.
Likevel trur ho pappaen, Ola Rasmus Fannemel, er enda meir spent enn ho.
Uverkeleg
Kirkeeide seier stemninga i Garmisch-Partenkirchen berre kan samanliknast med stemninga i Vikersund.
– Stemninga var kanskje endå betre i Vikersund, for der var det så mange nordmenn, men hoppveka er stor, seier Kirkeeide.
Det er kanskje ikkje så rart mora huskar stemninga frå Vikersund ekstra godt. Sonen hoppa verdas nest lengste hopp på 244,5 meter under VM i skiflyging.
Kirkeeide trur ikkje dei som foreldre heilt har skjønt kor stort det er at sonen deltek i den prestisjetunge hoppveka.
LES OGSÅ: Han var første frå Sogn og Fjordane i hoppveka
Nyttårstale
– Kor mykje kontakt har de med han under hoppveka?
– Vi møtte han så vidt på nyttårskvelden. Då heldt han på å skrive på ein tale han skulle halde for resten av landslaget under nyttårsmiddagen.
Som førstereisegut vart det oppgåva til Fannemel å halde tale på nyttårskvelden.
- LES OGSÅ: Får draumen oppfylt
- LES OGSÅ: Slik feira hopparane nyttår
– I dag møtte vi han så vidt etter rennet. Viss hopparane føler konkurransen har gått bra, så er dei litt meir pratesalige enn viss det har gått dårleg, seier Kirkeeide.
Vil ikkje spå
Kirkeeide er forsiktig med å spå korleis Fannemel vil gjere det i dei komande renna, men er fornøgd med innsatsen så langt.
– Prøvehoppet i dag var jo veldig bra, og førstehoppet var også fint, så det ser ut som han er inne på noko, seier mora.
– Vi tek eit renn av gongen. Så lenge han er fornøgd med sine hopp så er vi veldig glade på hans vegner. Det er uråd å vite korleis det går, seier Kirkeeide.
Historisk god dag
Anders Jacobsen vann nyttårsrennet, og fekk selskap av to andre nordmenn blant dei fire beste. Det er ein historisk god laginnsats for Norge.
– Det er veldig stort av dei norske å gjere det så bra, seier Kirkeeide.
– Her står det tyskarar og austerrikarar rundt oss på alle kantar og har kjempeforventningar, og så kjem nordmennene og nesten tek heile pallen, seier Kirkeeide smilande.
No går reisa for både hopparane og foreldra vidare til Innsbruck og Bischofshofen i Austerrike.