Hopp til innhold

Slik gjekk opningsrennet

Skihoppar Anders Fannemel enda på ein 23. plass i det første rennet i hoppveka.

Anders Fannemel

NY SJANSE: Alt i morgon skal Anders Fannemel igjen i ilden i hoppveka.

Foto: NTB SCANPIX / Reuters

Skihopparen frå Hornindal har i år sin debut i den prestisjetunge konkurransen.

I den tysk-austerrikske hoppveka er det såkalla duellhopping i første omgang av renna.

Fannemel kom seg vidare frå duellen mot Jan Matura, etter eit hopp på 127,5 meter i første omgang.

To meter kortare

Fannemel sitt andre hopp enda på 125,5 meter. Det heldt til 253.7 poeng og ein 23.plass.
Det var dårlegast av dei norske, men truleg deppar ikkje Fannemel likevel.

Lagkompis og namnebror Anders Jacobsen gjekk nemleg av med sigeren, med eit andre hopp på 139 meter.

Tom Hilde vart nummer fem, Rune Velta enda på tiande plass og Anders Bardal på tolvte.

Ny sjanse måndag

Anders Fannemel er berre den andre hopparen frå Sogn og Fjordane som deltek i hoppveka. Rune Hauge var den første då han deltok i 1978.

Første nyttårsdag, tysdag, går det klassiske nyttårsrennet i Garmisch-Partenkirchen av stabelen. Alt i morgon, måndag, er det kvalifisering til det rennet.