Hopp til innhold

John hadde 40 grader forskjell ute og inne fredag morgon

I morgontimane fredag hadde Veitastrond heile 19,8 minusgrader, og hjå John Molland var det knappe 20,5 plussgrader innandørs. I heile landet blir det ei kjøleg helg, men nokon får nedbør allereie søndag.

Kaldt på Veitastrond

KJØLEG: På Veitastrond er det allereie julestemning, men litt kjøleg både ute og inne når det er minus 19,8 ute.

Foto: John Molland

– Jau, det bit godt. Litt kaldt må ein vel seie det er. Men førre kuldeperiode var vi nede i – 22, vi er ikkje heilt der endå, seier John Molland, som bur på Veitastrond.

Han tek ikkje på veg over det kalde vêret, men ser at det fører med seg litt utfordringar.

– Rundballane er snart som klinkekuler ute på bøen, men dei tinar no til slutt, sjølv om dei er i hardaste laget når vi tek dei inn, seier Molland, som driv gard.

Held seg kaldt framover

På Veitastrond ligg det ti-femten centimeter med snø, noko som er i knappaste laget for å isolere noko som helst.

– Nei, det kunne godt ha vore litt meir. Men det skulle vel komme seg over helga, seier Molland.

Ifølgje meteorologen er det ikkje store endringar på gang på vêrfronten dei næraste dagane. Sør-Norge får optimalet vêrforhold, medan store delar av Nord-Norge får ruskevêr.

– Det ser ut til at temperaturane kjem til å halde seg ei stund. Det er tørt vêr, kaldt og solfylt, seier statsmeteorolog Kjersti Opstad Strand ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Og det er ingen grunn til å pakke vekk ulla, den kan du få god bruk for også i helga.

– Det ser ut som om det kjem til å halde seg uendra, og kanskje litt lågare fram mot søndag, seier Strand.

(Artikkelen held fram under biletet)

Veitastrond

KALDT OG FINT: Vakkert på Veitastrond fredag morgon.

Foto: John Molland

Kan vakne opp til snø julaftan

Dermed ser det ut til å bli ei førjulshelg med stabilt vintervêr.

– Det blir ikkje store endringar i vêrsituasjonen i helga. Det blir stort sett fint vêr. Vinden kjem frå sør og aust, seier Strand.

Men søndag kjem eit lågtrykk sigande, og det fører også til at temperaturane søkk ein god del.

– Det blir automatisk mildare, men vi får ein del meir vind, seier Strand.

For dei som drøymer om ei kvit jul så er det håp i hangande snøre. Men mykje blir det neppe.

– Det ser ut til at dei fleste kan vakne til kvit jul på julaftan. Det er eit lågtrykk som nærmar seg. Men det betyr også vindauke på utsette stader, spesielt på kysten. Elles vil nedbøren truleg komme som snø, seier Strand.

I morgontimane var temperaturane i fylket slik:

Øvre Årdal: – 7
Sogndal: – 8,1
Sognefjellet: – 18
Leirvik: – 4
Florø: – 3
Førde: – 8
Sandane: – 3
Stryn: – 7,7
Gullfaks C: 3
Solund – 5
Filefjell:- 17
Vikafjellet: - 10
Hemsedalsfjellet: - 15
Tyinkrysset: - 25