Hopp til innhold

Det snør, det snør, tiddelibom...

Var du ein av dei som stod opp i helga og vart overraska over at vinteren tok ein liten snarvisitt innom? Det burde du eigentleg ikkje bli.

Nysnø i Naustedalen

NYSNØ: Slik såg det ut på Espeland i Naustedalen søndag morgon 6. mai. 15 centimeter nysnø låg utanfor.

Foto: Kåre Ullaland

Mai er vanlegvis månaden der grillen blir fyrt opp, dei siste etternølarane tek av vinterdekka på bilen, og dei mest optimistiske tek med seg solkremen ut på terassen. Men so...

Snøen kom over store delar av fylket, og på sosiale media strøymde det ut både bilete og oppdateringar om folk som ikkje var særleg glade for at Kong Vinter tok ein svipptur innom.

I Førde vart det sett ny snørekord for mai; på målestasjonen på Tefre vart det målt sju centimeter.

Men at det kan bli kvitt i mai, bør ikkje koma som ei overrasking på folk.

1,81 meter – i mai

Meteorologisk institutt opplyser om at det på Eid vart målt 40 centimeter i 1975. Eid må på si side sjå seg slått, grundig slått, av Veitastrond i Luster.

For i 1981 vart det 1. mai målt imponerande 1,81 meter snø.

– Det er berre to gonger sidan me byrja å registrera snødjupna i 1972, at det har vore snøfritt før 1. mai, seier Jens Nes frå Veitastrond i Luster kommune. Han har full kontroll på snøfallet i den vesle bygda.

(Artikkelen held fram under biletet)

Snø i Førde 6. mai

KVITT: Førde den 6. mai.

Foto: Rune Anseth

– Snø midtsommars

50 cm snø i mai

HALVMETER: Eller meir nøyaktig 46 centimeter snø ligg på Veitastrond i dag måndag.

Foto: John Molland

– Det bør ikkje overraske folk at det kjem litt snø i mai. Eitt år kom det ti centimeter med snø den 10. mai. Då var me usikre på om me kunne køyra til Hafslo på sommardekk, humrar Nes.

På Veitastrond ligg det i dag 46 centimeter snø.

– Det kom litt snø i helga, men det spelar jo ingen rolle med nokre centimeter til eller frå når me har ein halv meter, humrar Nes.

Han er ikkje uvand med at vinteren ikkje gir seg før langt ute på våren.

– Eit anna år hadde speidarane jonsokleir fremst i dalen her, og då dei vakna om morgonen so snøa det ute.

(Artikkelen held fram under biletet)

Veitastrond

DET VÅRAST: Sakte men sikkert i Veitastrond.

Foto: John Molland

– Jamgodt med gylle

– Er det kaldt vêr so snøar det uansett kva tid på året det er, slik er det berre. Sjølv om at det snøa so mykje ytst i fylket, det var litt meir overraskande, seier Nes.

I fjor var det snøfritt den 15. mai, og det er normalt, i fylgje Nes.

– Er det snøfritt i løpet av mai, då er me i rute. Før i tida so pleidde bøndene å seia at om det kom eit snøfall på våre, so var det jamgodt med gylle, fordi det blauta so fint opp på dei turre bøane.

Mon tru om banemannskapa i Måløy er like glad i snø på graset sitt. Dei måtte nemleg flytte Tornado Måløy sin kamp i helga på grunn av, du gjetta rett, snø.