Hopp til innhold

Åtte vegar stengt

Vegtrafikksentralen ber bilistar være merksame grunna flaum og ras ein rekke stader i Nordland.

Ras Finneidfjord

VATN I VEGBANA: I løpet av ein time fredag morgon gjekk det fem mindre stein- og snøras på Helgeland. Her frå Finneidfjord.

Foto: Frank Nygård / NRK

I løpet av ein time fredag morgon gjekk det fem mindre stein- og snøras på Helgeland. Fleire av vegane er heilt stengt, medan andre er opne i eit køyrefelt.

Like før klokka ni vart det slått full alarm, etter eit 200 meter bredt snøskred på riksveg 17 mellom Utskarpen og Stokkvågen i Rana.

Les: Ingen spor etter folk i skredet

- Vi greier ikkje ta unna alle telefonane. Det kjem inn mange telefonar frå trafikantane. Dagen har gått med til å stenge vegar, opne dei og stenge dei igjen. På dei samme vegane har det gått nye ras, seier Torunn Torvaldsen ved Vegtrafikksentralen i Mosjøen.

Til saman har åtte vegar i Nordland vore stengt i periodar, grunna ras eller flaum fredag. På fleire av strekningene har det vore fleire ras.

Mykje vatn

Ras Finneidfjord

Politiet har ikkje fått melding om trafikkuhell i samband med føret på vegane. Ingen personar har kome til skade i nokon av rasa.

Foto: Frank Nygård / NRK

- Det er mykje vatn i vegbana enkelte stader. Folk må være svært merksame når dei er ute og køyrer, seier vakthavende ved Vegtrafikksentralen i Mosjøen.

Politiet har ikkje fått melding om trafikkuhell i samband med føret på vegane. Ingen personar har kome til skade i nokon av rasa, men fleire stader har trafikantar blitt ståande og vente på at vegen blei rydda.

På europaveg 6 ved Finneidfjord, mellom Mosjøen og Mo i Rana, rasa stein, is og vatn ut i vegbana like etter klokka sju i dag tidleg. Jernbaneverket måtte også ut og rydde jernbana i området.

- Raset vil ikkje få nokon innverknad på togtrafikken, seier anleggsleiar i Jernbaneverket Morten Nysæther.

Stengde vegar

Vatn i vegbana

Vegtrafikksentralen ber bilistar ta det med ro i trafikken. Fleire stader har det gått mindre ras, og vatn i vegbana kan skape problem.

Foto: Frank Nygård / NRK

I tillegg har det gått minst tre snøras på riksveg 76 ved Tosbotn, mellom Brønnøysund og Brenna. Vegen vart meldt midlertidig stengt først klokka 06.43.

Fylkesveg 439 mellom Kvina og Konsvika er midlertidig stengt på grunn av steinras. Meldinga kom klokka 06.56. Vegen vart opna for trafikk igjen klokka 07.47.

Ras i Bustneslia i Rana

Det gikk også et snøskred i Bustneslia i rana fredag formiddag.

Foto: Frank Nygård / NRK

Vegar som har vore midlertidig stengt grunna ras og flaum:

Fylkesveg 612: stengt grunna ras

Fylkesveg 613: stengt grunna ras

Riksveg 76: stengt grunna fleire ras

Riksveg 17: stengt grunna ras

Fylkesveg 439: stengt grunna ras

Fylkesveg 216: stengt grunna flaum

Fylkesveg 217: stengt grunna flaum

Riksveg 801: stengt grunna ras