Hopp til innhold

Ingen spor etter folk i skredet

Leitemannskap har gjennomsøkt skredet som gjekk over riksvei 17 i Rana, og ikkje funne spor etter folk.

Snøskredet i Silatunnelen i Rana

Politi og hjelpekorps leitar etter personar i snøskredet ved Silatunnelen i Rana.

Foto: 330 Skvadronen

Heile det 200 meter breie skredområdet sør for Silatunnen er no gjennomsøkt med lavinehundar og letemannskap.

Politiet fekk melding om raset klokka 08.56. Førebels er det uklart om nokon er tatt av raset. Politi og hjelpemannskap frå Norsk Folkehjelp søker no i rasområdet.

- Vi kan ikkje utelukke det før vi er sikker på å ha god nok oversikt over trafikkbildetet i området då raset gjekk. Det er lite som tyder på stor trafikk i området på tidspunktet for raset, seier stabssjef ved Helgeland politidistrikt, John Helge Vang.

Politiet ynskjer no å komme i kontakt med den personen som først observerte raset. Første mann som meldte ifrå om raset til politiet var brøytebilsjåføren på vestsida, som ga ei god skildring av trafikksituasjonen frå den sida, fortel Vang.

Sea King

Snøskred ved Silatunnelen i Rana

Politiet fekk melding om raset klokka 08.56. Førebels er det uklart om nokon er tatt av raset.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Eit Sea King-helikopter frå Hovudredningssentralen er sendt til området.

- Det er imidlertid ikkje meldt om sakna personar etter raset, seier redningsleiar Ørjan Delbekk ved Hovudredningssentralen for Nord-Norge til Rana Blad.

Det blei slått full alarm då melding om raset kom inn. Politiet har også sendt ut mannskap for å få oversikt over situasjonen.

- Hundar har søkt over snøen utan å ha gjort markeringar. I tillegg til søk med politihundar, driv vi etterforsking i forhold til vegfarande som har vore i nærleiken, for å kartlegge situasjonen. Vi leitar også med båt på utsida av raskanten, seier John Helge Vang ved Helgeland politidistrikt.

Har starta søk

Redningstenesten vil no gå i gang med søk etter personar med lavinehundar i området, skriv Rana Blad.

Roald Andersen, som er frå området, var i føremiddag ute og satte garn, og kan forteljte om eit bredt ras.

Snøskred ved Silatunnelen i Rana

Helikopter frå Hovudredningssentralen søker etter folk i sjøen.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

- Ja, det er nok 200 meter bredt. Autovernet er lagt flatt, og raset har gått i havet. Om nokon bilar blei tatt i raset har dei gått ned, for det er brådjupt utanfor land, seier han.

Arbeidet med å rydde vegen er i gang, men det er uklart når vegen blir opna for trafikk igjen. Fleire andre mindre ras har også gått i området.

- Eg vil be publikum om å være svært merksame og forsiktige når dei ferdast på vegane på Helgeland no, sier Vang.

Bekymra for vegen

Framleis regnar det på rasstaden. Det er uklart kva tilstand vegen er i, fordi vatn vaskar mot vegen etter raset. Ei elv renn på høgresida av vegen kor raset har gått, og det skaper uro, fordi grunnen er av leirmasse.

Snøskred ved Silatunnelen i Rana

Snøskredet er om lag 200 meter bredt.

Foto: 330 Skvadronen

Rolf Lorentzen, skredekspert i Røde Kors, har sett nærmare på området. Han delar bekymringa for tilstanden på vegen, men seier det er liten sjanse for nye ras frå fjellsida.

- Området i fjellet ser rensket ut, og det er lite snød som nå kan komme ned. Faren for nye ras er derfor minimal.

Vegen vil bli stengt medan leitinga og påfølgande ryddearbeid pågår. Det er venta at vegen vil opne i ettermiddag.

Kart snøras i Rana
Foto: NRK

Silatunnelen er ein tunnel på riksvei 17 i Lurøy og Rana kommunar. Tunnelen går mellom Sila i Lurøy og nordsida av fjorden Sjona i Rana. Saman med Sjonatunnelen og resten av vegen mellom Utskarpen i Rana og Stokkvågen i Lurøy, ga Silatunnelen ferjefritt vegsamband til Lurøy kommune.

Fleire mindre ras har i dag blitt løyst ut på Helgeland, og fleire andre vegar er stengt.

Snøskred ved Silatunnelen i Rana

Politiet fekk melding om raset klokka 08.56. Førebels er det uklart om nokon er tatt av raset.

Foto: Lars- Petter Kalkenberg / NRK