Hopp til innhold

- Lange ventelister på grunn av god jobb

Sjølv om barnevernet i Nordland er dårlegast i landet til å halde behandlingsfrister, så kan likevel barnevernsomsorga i fylket vere svært god, meinar ein forskar.

Trist barn
Foto: Scanpix / SCANPIX

Lektor Jarmund Veland på senter for adferdsvansker ved universitetet i Stavanger har forska på forskjellar frå ein kommune til ein annen når det gjeld barnevern.

- Går dit ein får hjelp

- Det kan vere slik at dei andre tenestane er dårlegare enn barnevernet, og at det er den einaste staden ein kan få hjelp.

- Så ein kan tenkje seg til at der barnevernet gjer ein god jobb, så er der lange ventelister?

- Ja, det vil eg tru. Om ein føler at ein får god hjelp, og at ein vert høyrd, er det meir sannsynleg at ein melder opp fleire born.

Men leiar Mona Nilsen i Fellesorganisasjonen, som organiserar barnevernspedagogar, fortel at dei tilsette tykkjer det er tungt å ikkje kunne hjelpe fleire.

Ho meiner at det einaste som vil gjere barnevernet i Nordland bra nok er fleire tilsette.

Kjennar seg makteslause

- Dei har jobba over tid med eit kjempestort arbeidspress, og kjenner seg svært makteslause. For dei ser at sakane vert stadig fleire og meir kompliserte.

- Kva er tykkjer dei er verst?

- Dei tykkjer det er tungt å sjå dei borna som er inne i systemet og ikkje får hjelp. Dei ser at det burde vore gått inn tidlegare, og det burde vore sett i gong fleire tiltak for å hjelpe borna.

Kallar verstingane inn på teppet

Rekordmange saker i barnervernet i fylket vert ikkje handsama innan fristane, og det er ei tilleggsbelastning for dei tilsette seier ho.

I midten av mars har Fylkesmannen kalt inn leiinga i sju nordlandskommuner til møte. Det er dei kommunane som er verst når det gjeld å halde fristar: Brønnøy, Vefsn, Rana, Fauske, Bodø, Narvik og Vestvågøy.