Ved Danmarksplass i Bergen er det måndag helserisiko i visse område, melder
.Når vêret er slik som no har det fleire gongar tidlegare blitt danna eit slags giftlokk over Bergen. Denne veka vil det truleg bli periodar med sterkt forureina luft.
– Me har fått inn kald luft frå Russland. Den kalde lufta er tyngre enn varmare luft og legg seg i botnen. Der blandar den kalde lufta seg med forureining, seier vakthavande meteorolog Martin Granerød ved Vêrvarslinga på Vestlandet.
Truleg helsefarleg berre i periodar
Fram mot fredag vil vêret halda seg kaldt og klart.
– Heile denne veka vil det vera moglegheit for dårleg luft i rushtider. Viss det er stabil høgtrykksituasjon kan eit giftlokk bli liggjande i lengre periodar. Slik lufta er no vil det truleg berre bli periodar med giftlokk, seier Granerød.
Om morgonen og i rushtida kan det komma til å legga seg eit synleg giftlokk over byen.
– Tar ikkje bergensarane si helse på alvor
Helsevernetaten i Bergen kommune følgjer med på luftkvaliteten for å kunna gi råd særleg til personar med astma eller alvorlege hjarte- eller luftvegslidingar.
– Luftkvaliteten blir målt over fire trinn og i dag tidleg var det oppe på trinn tre på Danmarksplass. Me har difor sendt ut råd om at dei som er spesielt utsette bør halda seg borte frå dei verste plassane, seier etatssjef Ingvar Tveit.
Miljøpartiet De Grønne meiner Bergen kommune gjer alt for lite når vêret er slik det er no. Partiet kallar informasjonen kommunen har lagt ut på nettsidene sine for slappe råd, og meiner at bergensarane si helse ikkje blir tatt på alvor.
– Det trengst kraftigare verkemiddel enn oppmodingar. Ved oransje nivå er det behov for akkuttiltak for å hindra at luftmålarane lyser raudt i rushet, seier bystyremedlem Sonde Båtstrand frå Miljøpartiet De Grønne.
LES OGSÅ:
Skip kan bli få beskjed om å flytta
Det kan bli aktuelt å prøva å flytta skip ut frå Bergen sentrum på grunn av den dårlege lufta i byen i dag.
– Me er kjent med vêrmeldingane framover og at det kan bli utfordringar knytt til luftkvalitetet. Me følgjer situasjonen fortløpande, seier havnedirketør Inge Tangerås.
Hamnevesenet har i utgangspunktet mottaksplikt og kan ikkje tvinga skip til å flytta seg ut av Bergen sentrum, men dei kan oppmoda og legga til rette for det. Når det eventuelt vil aktuelt å anmoda skip om å trekka ut frå Bergen sentrum kjem an på kor dårleg lufta er på ulike målepunkt og kor stor skipstrafikken er.
Medan det er helserisiko berre i visse område på Danmarksplass i Bergen viser
at det i Trondheim svært stor helserisiko. I Oslo er det også helserisiko i visse område.