Hopp til innhold

Legar får betalt utan å jobba

Fastlegar får betalt for sjukeheimspasientar dei aldri møter. Dette kostar skattebetalarane millionar av kroner kvart år.

Legekontor (Illustrasjonsfoto)

Mange fastlegar får betalt for pasientar dei ikkje lenger har (Illustrasjonsfoto).

Foto: Leah-Anne Thompson

Millionar av kommunale skattekroner går til fastlegane, sjølv om pasientane blir behandla av eigne sjukeheimslegar.

Brukar ikkje fastlegen

Hans Lønøy (88) bur på Fjell sjukeheim i Hordaland. Han har ikkje vore til fastlegen på lenge, fordi sjukeheimslegen tek seg av behandlinga.

– Eg behøver ikkje gå til fastlegen lenger, seier Lønøy til NRK.

Fastlegar får betalt sjølv om pasientane deira ligg på sjukeheim og får behandling av andre legar. I fjor betalte norske kommunar over 15 millionar kroner til fastlegane for sjukeheimspasientar som framleis står på fastlegelistene.

Laila Dåvøy

Laila Dåvøy (KrF) er kritisk til ordninga.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

– Dei fleste går ikkje til fastlege etter at dei flyttar inn på sjukeheim, seier sjukeheimslegen i Fjell kommune, Tomas Nieber.

Kritikk frå Stortinget

Ein av dei som stiller spørsmålsteikn ved dette systemet er stortingsrepresentant Laila Dåvøy (KrF) frå Hordaland i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

– Eg syns det er feil. Ein skal ikkje ha betalt for noko ein ikkje gjer. Vi treng kvar einaste krone i helsesektoren, seier Dåvøy.

Fjell-ordførar Eli Årdal Berland (H) er heller ikkje begeistra for dagens ordning.

– Det blir jo både i pose og sekk. Det går jo ut over kommunen sin økonomi, seier Berland.

Forsvarer ordninga

Gunnar Ramstad i Legeforeningen i Hordaland

Gunnar Ramstad, leiar i Legeforeningen i Hordaland

Foto: Jørgen Eide / NRK

Leiar i Hordaland legeforening Gunnar Ramstad forsvarer ordninga.

Han seier dette er inntekter som trengs for å kunna finansiera drifta av fastlegeordninga. Difor meiner Ramstad at viss dette tilskotet blir fjerna, så må den same summen overførast på andre måtar.

– Desse inntektene er ein del av ei kalkulert kostnadsramme som blei framforhandla på slutten av 90-talet, så det er ikkje noko rart i det. Det blei avtalt å gjera det på denne måten for å gjera finansieringa minst mogleg byråkratisk, seier Ramstad.

Den norske legeforening forsvarer ordninga i ei pressemelding dei sende ut i dag.

– Då fastlegeordninga blei innført tok ein høgde for at det er eit antall pasientar som er på sjukeheim, i fengsel og andre stader der fastlegen ikkje har ansvar for dei, opplyser legeforeininga.

Les og: Mange klager på allmennlegane | Vil gi legen karakterer | Dette har du som pasient rett på | Vil ha kveldsåpne fastlegekontorer | Vil ha kveldsåpne fastlegekontorer | Krev enorme summar for praksisen