Hopp til innhold

Mange klager på allmennlegane

Fleire pasientar klagar på den kommunale helse- og sosialtenesta i Sogn og Fjordane.

Legekontor

ILLUSTRASJON: Fleire pasientar klagar på behandlinga dei får hos allmennlegane i fylket.

Foto: Colourbox.com

Så langt i år er det kome inn dobbelt så mange klager på den kommunale helse- og sosialtenesta som i heile fjor.

– Dei fleste sakene vi har, og klagene som kjem, gjeld først fastlegesystemet. Det kan gå på misnøye med medisinering, teieplikt, innsyn i eigen journal og andre forhold som behandling eller mangel på behandling, seier pasientombod Anne Margrethe Øvsthus.

– Ikkje skremd

Øvsthus handsamar saker som gjeld spesialhelsetenesta og kommunehelsetenesta. Medan klagene på spesialhelsetenesta i fylket er på eit jamt nivå, skil altså allmennlegane seg ut med 20 klager så langt i år.

Anne Margrethe Øvsthus

OMBOD: Anne Margrethe Øvsthus.

Foto: NRK

Pasientombodet skriv i halvårsrapporten at ei av årsakene kan vere betre informasjon om pasientrettar.

Leiar av allmennlegeforeininga i Sogn og Fjordane, Gry Elise Albrektsen er ikkje skremd av tala.

– Vi har veldig mange konsultasjonar på ein dag på legekontoret. Vi handsamar lang fleire pasientar enn spesialisthelsetenesta. Det er mange fleire kontaktpunkt, og då er det eit lite tal, seier ho.

Mot rekordtal

Første halvår fekk Anne Margrethe Øvsthus i pasientombodet 149 nye saker på bordet. Berre på kommunehelsetenesta har ein allereie passert dei 43 klagene som kom inn i heile fjor.

Held utviklinga fram vil 2011 få det høgste talet klager sidan 2007.

– Så vil truleg trenden halde fram i høve til at kommunehelsetenesta er sterkare inne i bilete no enn det har vore før, seier Øvsthus.