- Vi handlar ut frå dei råda vi får frå Helsevernetaten i kommunen, som ikkje rår oss til å innføra datokjøring no.
Dermed kom ingen nye tiltak ut av møtet i dag, seier konstituert informasjonsjef i Bergen Kommune, Elisabeth Farstad.
- Nei, utover det vi har sagt før, til dømes vasking av gater, skjer det ingenting nytt no.
- Definitivt krise
Tidlegare i dag sa Dag Tønnesen, seniorforskar ved Norsk institutt for luftforskning, at det absolutt er snakk om ei krise når det gjeld luftkvaliteten i den vestnorske hovudstaden.
Alt i januar nærma Bergen seg den lovlege grensa for forureiningsnivå i lufta. Det er nemleg berre tillate med 18 dagar med såkalla "raude" nivå i løpet av eit år. Den grensa er forlengst overskriden.
Kommunen: Tiltak dårleg effekt
- Å innføra hastetiltak no ville ikkje fått noko særleg effekt, ettersom det er meldt om vind i morgon.
Det seier Elisabeth Farstad, som i tillegg seier det gjer at kommunen trur ulempene ved tiltak som til dømes datokjøring ville vore større enn gevinsten.
Aksjonsgruppa Ren Luft Danmarksplass varslar demonstrasjon på Danmarksplass saman med ei rekkje andre organisasjonar i protest mot at det ikkje vert innført tiltak for å betra luftkvaliteten.