Hopp til innhold

– Dei fleste vil ha eit storsjukehus

Rekordmange har sagt si meining om sjukehusstrukturen i Hedmark og Oppland. Høyringsfristen er nå ute, og storparten ynskjer eit storsjukehus ved Mjøsbrua.

Sykehusdirektør Morten Lang-Ree

Sjukehusdirektør Morten Lang-Ree har heile vegen vore klar på at han meiner at eit storsjukehus er best for pasientane i Hedmark og Oppland.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Eg kan ikkje minnast at vi har hatt ei slik oppslutning rundt ei høyringsrunde i Sjukehuset Innlandet tidlegare. Det vitnar om eit kjempeengasjement rundt denne saka.

Administrerande direktør i Sjukehuset Innlandet, Morten Lang-Ree blar gjennom ei tjukk bunke med innspel. Alternativa er å halde fram som i dag, å satse på eit hovudsjukehus i kvart fylke, eller å byggje eit storsjukehus ved Mjøsbrua.

Nå er fristen ute, 160 har sagt si meining.

Usemje mellom fylkesmenn

Sjukehusdirektøren har ikkje lagt skjul på kva han meiner. Han vil samle drifta i eit stort hovudsjukehus, ein eller annan stad i nærleiken av Mjøsbrua.

Men han veit at han rotar rundt i eit kveksbol. For når hedmarkingar og opplendingar skal samarbeide om noko endar det ofte i lokaliseringsdebattar og distriktspolitikk.

– Her har vi høyringa frå Fylkesmannen i Hedmark. Dei går inn for eit hovudsjukehus, det har dei gjeve uttrykk for før au.

– Men Fylkesmannen i Oppland er skeptisk. Kva tenkjer du om det?

– Det er heilt greitt at dei er ueinige. Ein kan stole begge fylkesmennene, dei har berre ulike tilnærmingar til sine utspel.

Pasientane viktigast

Morten Lang-Ree meiner det er ei gruppe som er viktigare enn alle andre når sjukehusstrukturen skal bestemmast. Pasientane.

– Det brukarane har som sitt syn veg tungt, seier Lang-Ree.

Han veit at storparten av brukarorganisasjonane støttar forslaget om eit storsjukehus.

– Men det gjeld ikkje alle. Til dømes er epilepsiforeningen og astma- og allergiforbundet mot.

Vil ikkje spekulere

Men det er tydeleg at Lang-Ree har klart å nå ut til mange med bodskapen om at eit stort sjukehus er løysinga for pasientane i Innlandet. Fleirparten av dei politiske fylkespartia er for.

Ei undersøking gjort for Oppland Arbeiderblad viser at 40 prosent av dei spurte støttar eit storsjukehus. 33 prosent er imot, medan 26 prosent ikkje har noko meining.

Ut frå den foreløpige gjennomgangen er det eit klart fleirtal for å etablere eit hovedsjukehus. Det har ikkje kome fram noko som tilseier at eg endrar mi oppfatning. Eg held fast på at vi bør ha eit stort sjukehus.

Morten Lang-Ree

Innspela er på bordet, alle har fått kome med si meining. 22. juni er det opp til styret i Sjukehuset Innlandet å avgjere saka. Det kan gjere Morten Lang-Ree til den direktøren som får ansvaret for å snu opp ned på sjukehusstrukturen i dei langstrakte fylka Hedmark og Oppland.

– Eg vil halde meg til styret sitt vedtak.

– Korleis kjem det til å gå?

– Det vil eg ikkje spekulere i nå.

Flere saker fra Innlandet