Ber alle pilotar boikotta Norwegian
Ikkje hjelp Norwegian med innleige av fly eller mannskap medan det er streik, skriv det internasjonale flygarforbundet IFALPA i eit brev til sine medlemer. Norwegian-pilotar har bede IFALPA om å svartelista flygarar som bidreg til streikebryteri.