Hopp til innhold

Forlovaren stod i med den komande brura – fekk skambank

Gifteplanane gjekk i vasken då mannen (32) ferska den komande kona si, saman med mannen som skulle bli forlovaren. 32-åringen banka bestevenen sin sanselaus, og nå er begge to dømde i Dalane tingrett.

Ein laurdagskveld på byen, i Sør-Rogaland i fjor, enda katastrofalt for eit sambuarpar og bestevenen deira.

Sambuarparet hadde vore kjærastar i over fem år og sambuarar i over to år. Dei hadde planar om å gifta seg, og bestevenen til den 32 år gamle mannen skulle vera forlovar.

– Livet lagt i grus

Det den nå valdsdømde mannen ikkje visste, var at kjærasten over ein lengre periode hadde hatt eit intimt forhold med den komande forlovaren.

Kvelden på byen enda med at venen av paret og kvinna reiste heim tidlegare. Då mannen i huset kom heim såg han at bestevenen hans tok kjærasten på brysta. Sidan alle var rusa valde han å venta med å ta dette opp til dagen etterpå.

Han gjekk heller ut for å sova i lastebilen sin, men fekk ikkje ro, då han gjekk inn att i huset ferska han forlovaren som stod i med den komande brura hans på sofaen.

«Tiltalte tenkte på forholdet til henne som hadde vart i fem år og at livet nå var lagt i grus», står det i dommen.

Meinte han fortente bank

32-åringen reagerte i sinne og banka bestevenen sin så mykje at han svima av fleire gonger. Mellom anna sparka tiltalte fornærma i hovudet då han låg nede for telling.

Fornærma kom seg etter kvart heim. Då politiet omsider fann han her, opplyste han at han ikkje ville melda saka til politiet, og at han fortente å få bank. Politiet tok han med til legevakta der han måtte sy eit kutt i hovudet med to sting.

Politiet, som blei varsla av ein slektning, gjekk til sak mot 32-åringen, til trass for at den fornærma gjorde det klart at han ikkje ville vitna.

Under hovudforhandlingane møtte han ikkje opp, og politiet fekk heller ikkje tak i han på arbeidsplassen. Dermed er han nå dømd til ei bot på 5.000 kroner.

32-åringen som banka opp venen sin har fått ei fengselsstraff på fem månader, der 75 av dagane er på vilkår.