- Dei flørta noko intenst og hoppa på kvarandre straks dei vart sett i den same inngjerdinga, fortel Caroline Lehmann, dagleg leiar i Vassfaret Bjørnepark.
Prøvde seg i fjor
Den 13 år gamle brunbjørnen Rugg har hatt eit godt auga til 4 1/2 år gamle Nora i lengre tid. I fjor prøvde han seg på ho, utan hell.
- Nora skugga unna, klatra opp i eit tre og ville ikkje vita av han, fortel Lehmann.
Intens paring
I dag hadde bjørneparken bestemt seg for å prøva på nytt og det slo full klaff då dei to skandinaviske brunbjørnane vart plasserte i same inngjerding.
Nysgjerrige besøkande var vitne til den intense paringa.
Sjå videoen her: