Hopp til innhold

Doblar pensjonen ved å jobbe lenge

Folk som står i jobb til de er 70 år, får dobbelt så høg pensjon som dei som går av som 62-åringar.

Pensjonistpar
Foto: Werner Baum / Scanpix

Slik fungerar det nye pensjonssystemet som er ute til høyring.

Skuffa over regjeringa

Leiar i Oslo og Akershus Restaurantarbeiderforening, Jorid Tveita, meiner at dei som ikkje klarar å jobbe lenger enn til 62 år, kjem alt svært dårleg ut i det nye systemet.

- Vi føler oss svikta av Kristin Halvorsen og Jens Stoltenberg. Då vi kjempa for ny regjering, hadde vi trudd at det skulle bli levelege arbeidsvilkår for oss som jobbar nedst på rangstigen i Noreg, seier ho.

Fryktar å bli gamal

Med ei årsinntekt på 300.000 kroner vil ein 62 frå 160.500 kroner i årleg pensjon medan ein 70-åring ende opp på heile 328.000 kroner.

Den LO-organiserte fagforeiningsleiaren reagerer sterkt på at ein doblar pensjonen sin med den nye modellen dersom ein ikkje går av før ein fyller 70 år.

- Med det nye pensjonssystemet blir det ikkje bra å bli gamal for oss, seier Tveita.

Vil skape rettferd

Arbeids og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hansen meiner den nye pensjonsmodellen vil bli meir rettferdig.

- Dersom ein 62-åringane er sliten og har vondt i ryggen, men likevel ynskjer å jobbe eit par år til, så skal dei tene på det. Eg synes det er urettferdig at dei som jobbar lenger, ikkje tener noko ekstra på det, seier han.

Tveita er djupt usamd.

- Dette er ein reform som rike, høgtlønna folk med lett arbeid tener på. Vi som er låglønna med tungt arbeid, vi tapar nok ein gong, meiner ho.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger