Hopp til innhold

Ynskjer tverrpolitisk eldresatsing

Statsminister Jens Stoltenberg lova oposisjonen tverrpolitisk samarbeid for å styrkja rettane til eldre og for å få på plass ei brei eldresatsing.

Sykehjem
Foto: Janerik Henriksson / Scan-Foto/ FLT-PICA / Scanpix

No inviterer han oposisjonen til dialog.

Dagfinn Høybråten

Dagfinn Høybråten

Foto: Gilbert, Jeff / SCANPIX

Dagsrevy-sakene om kritikkverdig eldreomsorg på norske sjuke- og aldersheimar sette dagsorden i den munnlege spørjetimen i Stortinget onsdag.

Det var Dagfinn Høybråten (Krf) som tok opp det han kalla alarmerande innslaga i Dagsrevyen siste dagane og spurde statsminister Jens Stoltenberg om kva tid og korleis regjeringa vil fylgja opp valløfta om å få til ein tverrpolitisk dialog om ei forpliktande satsing på eldrepolitikk.

Ynskjer tverrpolitisk eldresatsing

Jens Stoltenberg
Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Det kan skje ganske raskt.

 – Regjeringa er klar til å gå i dialog for å sjå om det er grunnlag for å satsa på eit slikt forlik, sa Stoltenberg.

No vil han at komiteen skal setja seg ned og finna ut kor stor avstanden mellom partia faktisk er.

Ein god og verdig alderdom og ei god og trygg eldreomsorg er mellom dei viktigaste oppgåvene velferdssamfunnet skal sjå til at er på plass. Difor er det også uakseptabelt at me får meldingar om uverdige tilhøve i eldreomsorga og difor er det viktig at me gjer meir for å styrkja eldreomsorga.

Jens Stoltenberg, statsminister / NRK

Statsministeren sa òg at regjeringa ligg framfor skjema med å få til 10.000 nye årsverk i omsorgsyrka og at det er sett av pengar i statsbudjsettet for 2008 til å byggja 12.000 nye omsorgsplassar både på sjuke- og aldersheimar og i omsorgsbustader.

I tillegg vil dei arbeida med å få utdanna dei ufaglærte som arbeider i omsorgsyrke og dei vil styrkja den kulturelle spaserstokken og andre tiltak for å gje dei eldre betre dagtilbod. 

AKTUELT NÅ