Hopp til innhold

Ny miljøplan: CO2-fritt Svalbard

Det kan bli slutt på utslepp av CO2 på Svalbard. Regjeringa støttar ein ny miljøplan for å stanse alle CO2-utslepp i det mest sårbare naturområdet vi har.

Svalbard
Foto: Jan-Morten Bjørnbakk, Bjørnbakk, Jan-Morten / Scanpix

Kvart år blir det sleppt ut omlag 200 000 tonn av klimagasssen CO2 på Svalbard. Både snøscooterar og bilar spyr ut store mengder CO2. Men aller størst er forureininga frå kolkraftverket i Longyearbyen og det russiske kolkraftverket i Barentsburg. CO2, svovel og andre skadelege stoff går rett ut i atmosfæren utan noka form for reinsing. I Longyearbyen blir sot og støv reinsa, men altså ikkje drivhusgassane.

Bak initiativet om eit CO2-fritt Svalbard står direktøren for Universitetssenteret på Svalbard (Unis), Gunnar Sand. Saman med professor i geologi ved Unis, Alvar Braathen har Sand hatt eit tett samarbeid om prosjektet med Inge Gran, som er forskingssjef ved SINTEF og professor ved NTNU i Trondheim.

Også Statkraft, Store Norske, Kings Bay, Bydrift Longyearbyen og Sysselmannen har vore med. Visjonen er eit CO2-fritt Svalbard innan 2025.

Støtte frå Bjørnøy og Storberget

I går blei planane drøfta i Justisdepartementet, og fekk full støtte, også i form at eit økonomisk tilskot til å lage ei meir detaljert utgreiing om vegen vidare.

På møtet deltok mellom andre justisminister Knut Storberget miljøvernminister Helen Bjørnøy saman med representantar for Longyearbyen lokalstyre og dei andre som har vore med i prosessen fram til no.

Ingen luftig visjon

- Dette er ikkje ein luftig visjon. Dette må bli ein realitet, seier Knut Storberget. Både klimautfordringane i verda og det ansvaret vi har i forvaltninga av Svalbard gjer at vi må handle konkret for å redusere CO2-utsleppa.

Justisminister Knut Storberget (Ap)
Foto: NRK

Storberget ser planen i samanheng med behovet for reservekraft i Longyearbyen. - Når det, slik planen er, blir bygd eit reservekraftverk med det første, må vi sørgje for at drifta kan føregå på ein miljøvennleg måte, seier han.

Ein del av planen er at kolkraftverket i Longyearbyen skal kunne fungere som eit pilotprosjekt for forsking og testing av ny og effektiv reinseteknologi for CO2.

Bilar på hydrogen

- Prosessen må starte med kolkraftverket, der ein må finne miljøvennlege løysingar som inkluderer ikkje berre reinsing, men også deponering av CO2 i grunnen på Svalbard. Deretter må ein begynne å forhandle med bil- og snøscooterprodusentar om å levere kjøretøy til Svalbard som bruker eit anna drivstoff enn bensin og diesel. Det trur eg er fullt mogeleg, for eg vil tru at ein del produsentar er på leiting etter ideelle demonstrasjonsområde, seier Gunnar Sand.

 

Biler på Svalbard
Foto: NRK

 

Planen er at bilar og scooterar skal kunne gå på hydrogen. Dette kan produserast i eit kolkraftverk med CO2-reinsing. Også andre typar drivstoff kan vere aktuelle.

Perfekt pilot

- Svalbard er perfekt som pilot for eit CO2-fritt samfunn, seier Sand. Kraftforsyninga er ikkje ein del av samkjøringa på fastlandet, og det er ingen kjøretøy som skal inn og ut her.

Storberget er samd i dette. - Eg meiner at Svalbard kan vere ein utruleg spennande pilot, også når det gjeld transportsektoren, seier han. - Vi ønskjer at miljøomsyn skal stå høgt i forvaltninga av Svalbard, seier Storberget, som legg til at utfordringane i samband med CO2-utsleppa frå kolkraftverket gjer dette prosjektet ekstra spennande, og viktig.

Styret for Universitetssenteret vedtok før helga å opprette eit studium for energi og miljø, som blant anna skal fokusere på kol som ressurs i eit miljøvennleg perspektiv. - Det å byggje opp forskingskompetanse på dette feltet er svært viktig, seier Storberget.

20-årsperspektiv

Planen om eit CO2-fritt Svalbard har eit 20-årsperspektiv, men arbeidet med å få på plass kraftproduksjon utan CO2-utslepp, startar allereie i 2007. Konkret er det planen å byggje eit reservekraftverk basert på biodiesel. CO2-reinsing i det eksisterande kolkraftverket kjem deretter, frå rundt 2012. Tre år seinare startar arbeidet med å få bil- og scooterparken over på hydrogendrift.

Ei detaljert utgreiing om prosjektet skal vere klar 15. januar, og første veka i februar kjem Knut Storberget og Helen Bjørnøy til Svalbard for stake ut kursen vidare.

AKTUELT NÅ