Hopp til innhold

Kvar dag er ein fest for Thorvald Stoltenberg

– Eg har håpa å bli 80 sidan eg var 18 år, seier Thorvald Stoltenberg. I dag gjekk draumen i oppfylling.

Thorvald Stoltenberg

Thorvald Stoltenberg helser på alle. Til høgre er sekken som berre er eit par år yngre enn jubilanten. –Far bar sekken som nøytralitetsvakt, under krigen og som krigsfange i Tyskland. Etter frigjeringa bar han den rundt som ei æresbevisning. I dag er det min tur, seier Stoltenberg.

Foto: Maria Lavik

– Eg hadde aldri trudd at eg skulle få meg ei så bra kone. Eller at eg skulle få tre så framifrå og forskjellige born. Eg hadde for så vidt ikkje trudd at eg kom til å bli utanriksminister, heller.

Thorvald Stoltenberg sit i sofaen på Marienlyst. Heile kroppen hans ler. Han helser på forbipasserande, deler ut klemmar og kompliment i alle retningar.

I dag fyller rikspolitikaren, diplomaten og verdsborgaren 80 år.

Sonen Jens Stoltenberg helsar faren på Facebook med denne helsinga:

«Kjære Thorvald, gratulerer med dagen! Vi feiret 80 årsdagen din på forhånd med en uke sammen. Hele familien i tre generasjoner, det var en god opplevelse. Jeg har lært mye av deg, både som far og samfunnsmenneske. Du er alltid opptatt av mennesker, av å vise omsorg og omtanke. Og du er like opptatt av arbeidet for fred og forsoning. Det er jeg stolt av.»

Jens og Thorvald Stoltenberg

Dette bildet la Jens Stoltenberg ut på Facebook for å gratulera pappaen sin.

Foto: http://www.flickr.com/photos/arbeiderpartiet/3862864700/

Ikkje glad i Bush

Thorvald Stoltenberg har mekla i fleire konfliktar rundt om i verda, og har alltid hatt ei klippefast tru på dialog og kompromiss.

– Eg var ikkje noko fan av Bush junior, slår han fast til nrk.no.

– Eg likar ikkje slike kjekkasar. Kjekkasar vil alltid skjæra igjennom, dei vil ikkje høyra på småprat, slik dei meiner eg heldt på med. Slike kjekkasar øydelegg seg sjølv, familieliv, arbeidsplassar, og i verste fall skapar dei krig, meiner Stoltenberg.

– Fattigdom skapar terror

Den tidlegare utanriksministeren meiner fattigdom er den største utfordinga som verdssamfunnet står ovanfor.

– Eg hugsar eit besøk i jungelen i Brasil. Der trefte eg folk som sat i tradisjonelle lendeklede og så på ein batteridriven tv. Dei såg på film i frå Florida. Dei forsto at det finst folk som har det mykje betre enn dei sjølve, ikkje så langt unna.

Den ujamne fordelinga mellom rike og fattige land skapar reaksjonar, meiner Stoltenberg.

– Terror er ein slik reaksjon.

Thorvald Stoltenberg som russepresident

Ei litt yngre utgåve av Thorvald Stoltenberg. Her som russepresident i 1950.

Foto: NTB / SCANPIX

Likar kompliment

Thorvald Stoltenberg tilbrakte første del av bursdagen sin på NRK Marienlyst, der journalistane stod i kø. Til programleiar Anne Grosvold fortel han at han alt har feira dagen med familien på Mallorca, og at han tykkjer dette er ein heilt vanleg dag.

– Eg har så mykje feiring i kvardagen, så det blir ikkje så stor forskjell.

Anne Grosvold påpeikar at Stoltenberg lenge har sagt at han snart er 80 år.

– Ja, det byrja eg med rett etter eg passerte 70. Det er eit psykologisk triks, å seia at eg snart blir 80 år. Eg merka at folk vart imponerte. Dessutan seier folk at eg held meg godt. Det likar eg.

Høyr Anne Grosvold sitt intervju med Thorvald Stoltenberg her.

AKTUELT NÅ