Hopp til innhold

Stein Erik Hagen har kreft

Stein Erik Hagen (55) fekk konstatert prostatakreft i byrjinga av desember.

Stein Erik Hagen

Investor Stein Erik Hagen er ein av dei rikaste i Noreg.

Foto: Per Onsheim / NRK

Den profilerte norske investoren står fram i eit stort intervju i Dagens Næringsliv i dag. Han står fram mellom anna for å fjerne tabua rundt kreftsjukdommen.

– Eg kan stadfeste at eg har fått påvist cancer i prostata, men på eit veldig tidleg stadium. Eg vart umiddelbart svært engsteleg, men etter den første diagnosen vart eg roleg, seier Hagen til avisa.

Stein Erik Hagen skal bli operert på eit sjukehus i USA på nyåret. Han reknar med å vere tilbake i arbeid allereie etter ei veke, og å jobbe fulltid rundt seks veker etter operasjonen.

Hagen er for tida styreleiar i Orkla, og seier at helsa no vil vere førsteprioritet framover.

– Eg kjenner meg frisk og i god form, men tek litt kortare dagar på kontoret, reiser litt mindre og deltek i færre sosiale aktivitetar for å kunne prioritere mosjon og trening, seier han.

Prostatakreft er den vanlegaste kreftformen hos menn. Kvart år blir om lag 4.000 tilfelle oppdaga i Noreg, og risikoen for å få påvist prostatakreft i løpet av livet er cirka 15 prosent. 1.200 nordmenn dør kvart år av sjukdommen.

Rundt 50 prosent av dei som blir operert for prostatakreft vil aldri få evna til ereksjon igjen. Difor er det knytt mykje stigma til sjukdommen. Ekspert på prostatakreft, Sophie Dorothea Fosså, seier til DN at det er beundringsverdig at Hagen er såpass open om sjukdomen.

– At Stein Erik Hagen står fram er eit kvantesprang for oss som jobbar med dette dagleg. Me treng ein gallionsfigur som han, seier Fosså.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger