Hopp til innhold

Politiet i parkeringskrangel: Får bøter på oppdrag

SANDVIKA POLITISTASJON (NRK): Politiet har sett seg lei av at parkeringsselskapa skriv ut bøter på tenestebilane deira. – Dette er ikkje samfunnet tent med, seier seksjonsleiar Oddvar Solheim i Oslo-politiet.

Politioverbetjent Jon Lange og Oddvar Solheim

Køyretøyansvarleg Jon Peter Lange og seksjonsleiar Oddvar Solheim i Oslo politidistrikt seier dei brukar mykje tid på å klage på parkeringsgebyr som politiet har fått på oppdrag. Biletet til høgre er tatt av politiet og viser gebyr på sivil politibil med tenestebevis i frontrura.

Foto: Simon Solheim / NRK/POLITIET

Politiet i hovudstaden meiner det har blitt eit problem at parkeringsvakter skriv ut parkeringsgebyr på politibilar i teneste. NRK har fått innsyn i dokument som viser at politiet mellom anna har fått bøter fordi dei har parkert «ulovleg» når dei har rykka ut på melding om innbrot og mistenkeleg åtferd.

– Eg meiner dette er tullete. Det kan ikkje vere slik at vi må leite etter parkering og trekke billett før vi kan komme fram til staden, seier politioverbetjent Oddvar Solheim.

Han er seksjonsleiar i Politifagleg støttestab i eining vest i Oslo politidistrikt. Politioverbetjent Jon Peter Lange får alle gebyrsakene på sitt kontor.

– Vi brukar unødvendig mykje tid og krefter på dette. Vi er som oftast på staden for ein grunn, seier Lange.

Politioverbetjent Jon Lange og Oddvar Solheim

Politioverbetjent Jon Peter Lange har ansvar for alle politibilane i eining vest i Oslo politidistrikt, som også inkluderer Asker og Bærum.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Du går ikkje gjennom sentrum med ubåt-Madsen

Solheim og Lange har fleire døme på situasjonar der politiet har fått parkeringsgebyr. Som regel får dei sletta bøtene etter at dei har klaga, men dei har også opplevd å ikkje få det.

– Det skjer at vi ikkje får gjennomslag, og til tider må vi nesten krangle for å få dei sletta, seier Lange.

Politiet fekk bot

Dette parkeringsgebyret fekk politiet under ransaking der dei tok ein del beslag. Bilen er ein sivil politibil med tenestebevis i frontruta.

Foto: Politiet

I trafikkreglane står det at utrykkingskøyretøy eller bilar i teneste for politiet kan fråvike dei «når det er nødvendig eller til vesentlig lette i tjenesten». Dei har altså lov til å parkere på stader som er ulovleg for vanlege bilar i enkelte tilfelle.

Men ifølgje Lange har dei opplevd at parkeringsselskap har hengt seg opp i ein formulering i eit rundskriv frå Politidirektoratet frå 2014. Der står det at politiet berre kan parkere ulovleg dersom oppdraget har «akutt karakter».

Lange les frå eit avslag dei har fått:

«Vi kan dessverre ikke se at oppdraget var av akutt karakter. Billett skal løses umiddelbart etter at motorvogn er stilt på plass. Din klage tas på denne bakgrunn ikke til følge»

Politioverbetjent Jon Peter Lange les frå eit avslag

– Kva oppdrag var dette?

– Oppdraget gjekk ut på å frakte ein fange til lege, seier Lange.

Dei parkerte nærast mogleg får å skjerme fangen og å redusere faren for rømming. Dei hentar ofte innsette frå Ila fengsel og forvaringsanstalt eller pasientar frå det psykiatriske sjukehuset Dikemark når dei treng helsehjelp.

– Vi kan ikkje parkere 300 meter unna eit legekontor med ein fengselsinnsett i handjern. Du går ikkje gjennom sentrum med ubåt-Madsen for å unngå å få parkeringsbot, for å sei det sånn, seier Solheim.

Men skal politiet alltid kunne parkere ulovleg?

– Dersom ein køyrer ein politibil og er på eit reint privat oppdrag, som til dømes å kjøpe lunsj, skal ein opptre som alle andre. Då skal vi betale for oss, seier Solheim.

Politioverbetjent Jon Lange og Oddvar Solheim

Politioverbetjentane Jon Peter Lange og Oddvar Solheim viser fram parkeringsgebyret politiet fekk medan dei var hos lege med ein fange.

Foto: Simon Solheim / NRK

Bransjeforeining: – Ikkje skriv ut bøter

Lars Monsen, dagleg leiar i Norsk parkeringsforeining (Norpark), seier til NRK at dei er tydlege på at parkeringsselskapa ikkje skal skrive ut parkeringsgebyr på utrykkingskøyretøy – uansett. Norpark er bransjeforeining for alle som driv med parkeringsrelatert verksemd.

– Vårt klare råd er å ikkje gi bøter på politibilar eller bilar får dei andre naudetatane. Dersom det er mistanke om misbruk av unntaksreglane er vårt råd å ikkje skrive ut gebyr, men å ta det opp med politiet eller dei det gjeld, seier Monsen til NRK.

– Det blir tilsynelatande skrive ut bøter på politibilar. På kva måte kan ein parkeringsvakt vurdere om eit politioppdrag er akutt nok eller ikkje?

– Det er heilt umogleg for ein parkeringsvakt, i dei aller fleste tilfelle, å vurdere om eit oppdrag er innafor eller utanfor regelverket. Det er nettopp difor vi meiner det ikkje skal påleggast sanksjonar, sjølv om ein kanskje trur og meiner på staden at politiet misbrukar ordninga, seier Monsen.

– Kva tykkjer du då om at det framleis blir gitt gebyr til politibilar i teneste?

– Det bør ein slutte med, seier Monsen.

Har fjerna ordet «akutt»

I desember var politioverbetjent Jon Peter Lange så frustrert at han sende eit brev til Politidirektoratet (POD) for å få fjerna ordet «akutt karakter» frå rundskrivet.

Seksjonsleiar Elisabeth Rise i Politidirektoratet

Seksjonsleiar Elisabeth Rise i Politidirektoratet fortel at dei har fjerna ordet «akutt».

– Til slutt brukte vi så mykje unødvendig med tid og pengar at vi måtte ta grep, seier Lange.

POD har no oppheva rundskrivet og sendt ut eit nytt.

– Formuleringa var uheldig fordi politiet også har mange oppgåver som ikkje nødvendigvis er akutte, men som likevel er viktige og som krev fleksibel parkering, seier seksjonsleiar Elisabeth Rise i Politidirektoratet.

– Men vi presiserer også at våre tilsette berre kan fråvike reglane dersom ein har tenesteleg oppdrag der ein har behov for fleksibilitet, men det omfattar ikkje parkering i høve planlagde møter, oppmøte i retten eller administrative gjeremål, seier Rise.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger