Hopp til innhold

Anundsen ser ulemper med væpna politi

Justisministeren erkjenner at den mellombelse væpninga av norsk politi har ei nedside, etter at ein mann fyrte av eit polititenestevåpen på politihuset i Stavanger i går.

Anders Anundsen har i ettermiddag sagt ja til at politiet fortsatt kan bære våpen.

Justisminister Anders Anundsen (Frp) meiner det er riktig å forlenga ordninga med væpna politi i tre nye veker, men erkjenner at det også finst ulemper med det.

I dag gav Justisdepartementet si velsigning til vidare væpning av politiet, førebels fram til den 20. august.

Det skjer dagen etter at ein 24 år gamal mann klarte å fyra av eit polititenestevåpen medan det framleis låg i hylsteret. Episoden skjedde på politihuset i Stavanger då mannen hoppa over skranken og hamna i eit basketak med ein politibetjent.

Ingen kom til skade, men hendinga har ført til ein større diskusjon om politiet bør vera væpna, og om dei i så tilfelle har gode nok sikringsrutinar.

– Det er sjølvsagt svært uheldig. Dette er svært alvorleg og skal ikkje skje, seier justisminister Anders Anundsen (Frp), som erkjenner at ordninga med væpna politi har ei skuggeside.

– Det er ikkje tvil om at det også er nedsider ved å ha eit væpna politi. Eg kan ikkje gå inn i den konkrete situasjonen i Rogaland, som no vil bli etterforska, seier Anundsen.

– Likevel riktig med væpna politi

Justisministeren står likevel fast ved at det er riktig å forlenga perioden som politiet får lov til å bæra våpen.

– Det viktigaste for meg og regjeringa er borgarane og politiet sin tryggleik. Det er no ei klar tilråding frå Politidirektoratet om framleis væpning. Det vil vera heilt feil av meg å avvikla ei ordning med mellombels væpning når eit samla Politi-Noreg meiner at det er behov for det, seier Anundsen til NRK og viser til den oppdaterte trugselvurderinga til PST.

Anundsen påpeikar at styresmaktene fortløpande vurderer andre tiltak som reduserer behovet for væpna politi, som blant anna å avgrensa væpninga til konkrete oppdragstypar og geografiske område. Som Anundsen sjølv understrekar, vart forslaget om geografisk avgrensing lagt dødt tidlegare i år.

Meiner politiet har god kontroll

Bevæpnet politi

Politiet fekk onsdag utvida løyvet til å bæra våpen i ytterlegare tre veker, fram til den 20. august.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Justisministeren understrekar at det ikkje har vore ein stor auke i tilfelle der politiet trugar med våpen etter at perioden med alminneleg væpning først tredde i kraft i november i fjor.

– Det er eit norsk politi som i all hovudsak har svært god kontroll på den situasjonen me er i. Dei er godt eigna til å bæra våpen, sjølv om denne spesielle situasjonen vil kunne vara ei tid.

Heller ikkje Politiets Fellesforbund har skifta meining og støttar framleis væpning av politiet etter hendinga på Stavanger politihus tysdag kveld.

Det var i november i fjor at justisministeren først gav løyve til ei mellombels væpning av politiet. Årsaka var at Politiet si tryggingsteneste (PST) meiner uniformert norsk politi er potensielle terrormål. På Stortinget er det fleirtal imot ei generell væpning av politiet.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger