Hopp til innhold

– Det er no det blir show på ordentleg

Ni spente finalistar har den siste veka hatt prøver i Oslo Spektrum, med eit felles mål: å nå toppen i årets Melodi Grand Prix. Sjå video frå prøvene her.

Straks er det klart for den store finalen i Melodi Grand Prix. 15 artister har blitt til ni, og på lørdag skal kun én stå igjen som vinner. Vi følger forberedelsene i Oslo Spektrum.

Finaleartistane inntek Oslo Spektrum etter ei heftig semifinalehelg. No er dei klare for finalen i morgon.

Laurdag står ni artistar på scenen og kjempar om den eine billetten til den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix som går av stabelen i København i mai. Gjennom heile den siste veka har artistane heldt på med lyd- og bildeprøver i Oslo Spektrum.

– No gjer vi alt klart til den store finalen. Alt blir større i Spektrum. Scenen, publikum, lyset og showet. Artistane øver og det same gjer kamera- og lysfolk. Alt for å lage det beste showet for sjåarane, seier prosjektleiar i MGP, Stian Malme.

– Stemninga er forventningsfull og spent, men mest av alt gleder vi oss til laurdag der ein av ni blir kåra som den store vinnaren, seier Malme.

Sjå video av artistane sitt møte med Oslo Spektrum øvst i saka.

Mo healer danser Nokolai Nypan

Nikolai Nypan, ein av dansarane til Mo, har skada menisken. Her er Mo i gong med å heale han.

Foto: Christian Wiik Gjerde / NRK

– På laurdag er det skjerpings

Artistane er spente framfør finalekvelden på laurdag.

– Eg får frysningar. Tenk at her på denne scenen skal eg opptre på laurdag. Eg har ikkje ord. Det er ein draum som går i oppfylling, seier Mo som deltek med låten «Heal» på laurdag.

Dei fleste showa har forandringar frå semifinalane og det er mykje som skal hugsast før morgondagens sending. Etter prøvene på scenen får artistane gjennomgang av sceneshowet.

– Eg gløymer eit par kamera, men på laurdag er det full skjerpings. Då kan eg det, seier Mo.

Linnea Dale er roleg og godt budd til den store finalekvelden. Ho har som dei andre artistane hatt to prøver i Oslo Spektrum før generalprøven.

– Alt som skjer på scenen er nøye planlagt. Sjølv om eg må terpe litt på kameragangen som er annleis enn i semifinalen, så er eg roleg. No gler eg meg til å få den siste energien frå publikum som gjer at eg klarer å gi 100 prosent, seier Linna Dale.

Kjem til dekka bord

Mattias Carlsson gir tilbakemelding til Dina Misund

Etter kvar prøve har Mattias Carlsson gjennomgang av sceneshowet for å gi tilbakemeldingar på framføringa.

Foto: Christian Wiik Gjerde / NRK

Dina Misund synest det beste med å vere med i MGP er å vere ein del av eit team som jobbar hardt for kvar enkelt artist.

– Eg er van med å ha ansvaret for alt når eg har konsertar. Her i MGP er eg ein del av eit proft apparat. Det er som å kome til eit dekka bord.

Artistane har vorte gode vener gjennom samarbeidet i Melodi Grand Prix. Men alle er her av ein grunn; nemleg å vinne den norske finalen og få representere Noreg i den internasjonale finalen.

– Eg konkurrerer fyrst og fremst med meg sjølv for å få det best mogleg. Det skal bli vanskeleg for TV-sjåarane å stemme fram vinnaren, men om eg vinn blir det ei stor ære å representere Noreg i Eurovision Song Contest, seier Mo.

J'aime, j'aime la vie!

Oda og Wulff

Oda & Wulff med t-skjorte i riktig MGP-ånd «J'aime J'aime la vie! Jeg vil vinne Grand Prix»

Foto: Christian Wiik Gjerde / NRK

I motsetning til dei fleste artistane er ikkje Oda og Wulff redde for å ytre sin draum om å vinne MGP, i det dei møter opp i Spektrum med «J’aime, j’aime la vie! Jeg vil vinne Grand Prix» trykt på t-skjortene.

– Vi er tryggare på scenenummeret no enn vi var i semifinalen. No har vi gått gjennom kva vi skal gjere for å få det betre. Det einaste eg veit med sikkerheit er at Christer ikkje må dytte meg på slutten av låten, når vi skal ut på catwalken, seier Oda

– Han har en tendens til å haste av garde, og med mine høge helar, kan det fort bli farleg, ler Oda.

Finalen går på NRK1 klokka 19:55, direkte frå Oslo Spektrum.