Hopp til innhold

Viggo er spaserande styreformann

Han må nesten like å gå på tur. Vazelinavokalist Viggo Sandvik har vore med å starte Ytre Hunndalen Spaser- og kulturgruppe, og titulerer seg sjølv spaserande styreformann.

Viggo Sandvik
Foto: NRK

Nett-tv: Nærtur med Viggo Sandvik

Her finn du 10 andre turar

– På Gjøvik er folk flinke å gå på tur, seier han, men det er kanskje nokon igjen som treng eit lite spark for å komme på det.

Utsikt over Gjøvik

Målet for turen i dag er Bergstoppen og utsikt over Gjøvik og omegn.

Vi tek først bussen til Eikstunet og går først mot eit tjern og deretter opp frå baksida til Bergstoppen.

Tussar og troll

På vegen møter vi både den eine og den andre distraksjonen, i form av spaserande vener og endå meir mystiske fenomen. Ikkje så rart kanskje, når det viser seg at Viggo er oppteken av tussar, troll og ikkje minst sjølvaste huldra.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kommenter gjerne denne turen (eller andre turar i same område) i kommentarfeltet under:

Til nrknatur.no