Hopp til innhold

Mykje regn skaper problem – kommune har sett krisestab

Ringsaker kommune har sett krisestab. Alt tilgjengeleg mannskap frå brannvesen og teknisk drift er no i arbeid.

Flom, vannet tar nye veier i Brumunddal

MYKJE VATN: På grunn av mykje regn tek vatnet nye vegar. Det skaper store problem.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Det har i løpet av torsdag ettermiddag kome store nedbørsmengder fleire stadar. Det skaper mange utfordringar.

Vatnet skapar problem på vegane og tek nye vegar. Mange melder om at dei har vatn i kjellaren. Pågangen er så stor at kommunen slit med å ta i mot alle meldingane.

FLAUM: I store område i Brumunddal flauma vatn over vegane.

– Vi har fått over 40 førespurnader berre i Brumunddal. Vi har hjelpt mange, men har ikkje fått hjelpt alle fullt ut, seier Morten Øvern, varabrannsjef i Ringsaker kommune.

Morten Øvern, varabrannsjef i Ringsaker.

TRAVEL: Morten Øvern er varabrannsjef i Ringsaker. Han forventar at enda fleire kjem til å trenga hjelp frå brannvesenet på grunn av mykje vatn i kjellarar.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Kommunen har dialog med Statens vegvesen og politiet. Statsforvaltaren er varsla.

Kommunen oppmodar om at kvar enkelt innbyggjar sjølv tek ansvar for å reinske stikkrenner, kummar og andre vassvegar for alt frå snø og is, til jord og grus, kvist og lauv. Det for at vatnet kan renne uhindra der det vanlegvis renn.

Dovrebanen er også stengd mellom Moelv og Brumunddal i Ringsaker på grunn av jordras.

Dovrebanen mellom Moelv og Brumunddal er stengt på grunn av jordras

BUSS FOR TOG: Passasjerane på Dovrebanen måtte ta buss for tog ved Brumunddal.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Ifølgje Bane Nor vil det ta tid før bana blir opna.

Farten på E6 mellom Espa og Tangen i Stange i nordgåande retning vart redusert torsdag kveld. Det stadfestar Vegtrafikksentralen Øst. Årsaka er mykje vatn i vegbana.

Fleire togstrekningar vart stengde

Bergensbanen og Rørosbanen har vore stengde torsdag. Store vassmassar skaper problem, opplyser Bane Nor.

Trafikken er i gang igjen på Rørosbanen, men ein må framleis rekna med forseinkingar og innstillingar. Rørosbanen vart stengd mellom Hamar og Løten grunna store vassmengder i sporet.

Bergensbanen er også open etter å ha vore stengd på strekninga mellom Nesbyen og Flå grunna utgliding og fare for ras.

Evakuert etter jordras

Ein person er evakuert etter jordras ved fylkesveg 700 i Orkdal. Ein geolog skal no undersøkje jordraset.

Raset er større enn dei først trudde, og personen som er evakuert var i ein bustad like ved.

Ingen bilar vart tekne av raset, som har skjedd på ei rett strekking. Det er lausmassar som har sklidd ut, med snø og sørpe.

Det er framleis rørsle i raset, og det er uklart når vegen blir rydda. Dette blir først klart etter at geologen har gjort undersøkingane sine. Politiet er no på staden.

Eit jordskred har også gått på E16 ved Kjølsethbakken på Galterud på grensa mellom Kongsvinger og Sør-Odal. Det er redusert framkomme i nordgåande løp. Politiet er også på staden der. Entreprenør og Vegtrafikksentralen er varsla.

Les også Norges tørreste kommune ber staten om bistand til flomsikring

Varsel om flaum

Alt onsdag sende NVE ut flaumvarsel for delar av Austlandet. Varselet gjekk på at auka nedbørsmengder kunne føre til lokale overfløymingar.

Det var nemleg meldt auka nedbørsmengder torsdag, og det er det også fredag, noko som saman med snøsmelting kan føre til at bekkar og elver aukar.

Ein konsekvens er lokale overfløymingar, og overvatn i tettbygde område. Det opplyser Noregs vassdrags- og energidirektorat.

Følg med

Folk blir oppfordra til å følge med over heile varslingsområdet, og det gjeld store delar av Austlandet. Det seier Per Alve Glad, vakthavande hydrolog i NVE onsdag kveld.

– Det er meldt mest nedbør i områda rundt Mjøsa, men ein skal vere budd på heile varslingsområdet.

Det er hovudsakeleg dei små og mellomstore bekkane som er utsett for flaum, forklarer han.

Likevel er det viktig å ta grep for å minske skadane.

– Det er viktig å førebu seg ved å reinse stikkrenner og rister så vatnet får kome gjennom der det skal.

– Og at ein ikkje oppsøker elver og bekkar der vatn har høg hastigheit.

Regn i Fagernes og vatn på E16

NEDBØR: Regn i Fagernes og vatn på E16.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Har gjort førebuingar

I Nord-Aurdal kommune i Valdres blei det onsdag teke forholdsreglar.

– No er me rundt og tiner tela stikkrenner og sørger for at vatnet kjem fram der det skal komme fram, det vil seie gjennom stikkrennene og ikkje over vegen, seier Martin Sæbu, kommunedirektør i Nord-Aurdal kommune.

Martin Sæbu, kommunedirektør i Nord-Aurdal kommune

FØREBUDD: Kommunedirektør Martin Sæbu i Nord-Aurdal kommune seier dei i kommunen har tatt forholdsreglar.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Sjølv om dette er noko dei gjer kvar vår, retter dei litt meir merksemd på dette no som det er meldt mykje nedbør på kort tid.

– Det er klart at når det er såpass store nedbørsmengder, kombinert med snøsmelting, så blir det mykje vatn som skal finne sin veg.

Han oppfordrar folk til å ta kontakt med vakttelefonen til kommunen om dei ser at det trengst.

Regn på Dokka

REGN: Det er vått på Dokka i Innlandet.

Foto: Frode Meskau / NRK

Ikkje vårflaum

Sjølv om det er auka flaumfare, er det ikkje snakk om vårflaum. Det opplyser NVE til NTB.

– Me ventar mykje nedbør spesielt torsdag, men også fredag. Nedbøren vil i kombinasjon med moderat snøsmelting kunne gi flaum, men det er ikkje snakk om det me meiner når me snakkar om vårflaum, seier vakthavande hydrolog Per Alve Glad ved NVE.

Flaumfaren er skulda nedbørsmengder, og ikkje primært auka temperatur og snøsmelting.

Regn i Fagernes og vatn på E16

FLAUMVARSEL: Regn gir flaumvarsel for delar av Austlandet.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Les også Bygden har opplevd fem 20-årsflommer på bare åtte år

Stengde fjellovergangar

Rørosbanen som går langs Glomma mellom Elverum og Rena har vore stengt på grunn av is og flaumfare. Etter ny vurdering frå Bane Nor klokka 12.00 vart den opna igjen.

Det er fleire stengde fjellovergangar torsdag, i tillegg til fjellovergangane som er vinterstengde.

  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland er stengt.
  • Riksveg 7 Hardangervidda er stengt.
  • Fylkesveg 51 Gardli-Bygdin er stengt.
  • Fylkesveg 51 Valdresflye er stengt.
  • Fylkesveg 2814 Imingfjell er stengt.
Øksna jernbane 13. april 2023

STENGT: Rørosbanen som går langs Glomma mellom Elverum og Rena har vore stengt, men er no open.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Det er kolonnekøyring fleire stader:

  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet.
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland
  • E134 Haukelifjell

Les også Meir ekstremvêr aukar presset på å demme opp verna vassdrag

Supphelledalen

Flere saker fra Innlandet