Hopp til innhold

Politiet: – Det er kaotisk på E16

Politiet rakk berre så vidt å opne E16 for trafikk, før nye bilar fekk problem - og vegen igjen vart stengd.

Politiet hjelper bilist på E16

FEKK HJELP AV POLITET: Ein polsk mann på tur frå Tyskland til kjæresten i Bergen måtte få hjelp til å legge på hurtigkjettingar.

Foto: Arne Hofseth

Først sperra tre vogntog hovudvegen mellom Vest- og Austlandet i to timar på fylkesgrensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. Kort tid etter at vegen opna, fekk nok eit vogntog problem i den bratte stigninga ved Stalheim.

– Det er kaotisk. Vi løyser opp ein floke, så kjem neste. Nett no står eit vogntog på tvers, og lenger nede i dalen har ein bil køyrt ut, fortel politiførstebetjent Josten Skeie på telefon frå Stalheim.

Dermed er E16 stengd for andre gong på ein time, inntil vegen er rydda.

Politiet gir no sjåførar av tungekøyretøy pålegg om å leggje på kjettingar. Ein russisk vogntogsjåfør får ikkje køyre ut av tunnelen på Stalheim før han har fått på kjettingane.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Trailer på E16

FEKK KJETTING-PÅBOD: Føraren av denne russisk-registrerte semitraileren måtte legge på kjettingar inne i tunnelen i Stalheimskleiva, før han fekk køyre ut i snøkavet.

Foto: Arne Hofseth

Berre E134 er open

Når riksveg 7 over Hardangervidda og riksveg 13 Vikafjellet samstundes er stengde grunna uvêr, er E134 over Haukeli i skrivande stund einaste veg austover frå Hordaland. I tillegg har ferjesambandet Lavik - Oppedal på E39 nordover redusert kapasitet grunna tekniske problem.

(Artikkelen held fram undre biletet.)

Vogntog i kø på E16

STÅR I KØ: Vogntog stiller seg i kø ved Tvinnefossen mens dei ventar på at E16 skal opne lenger aust ved Stalheim.

Foto: Arne Hoseth

Det er vått snøføre på strekningen. Då to vogntog fekk problem i stigninga mellom Sivletunnelen og Stalheimtunnelen, fekk også eit tredje problem ifølgje dei første meldingane politiet fekk fått inn.

Prøvde å komme forbi

– Eit av tre vogntog skal ha freista å køyre forbi, men ha hamna i autovernet. Vegen er dermed sperra, opplyste operasjonsleiar Erik Gjesdal ved Hordaland politidistrikt i 11-tida torsdag.

Som om ikkje fastkøyrde vogntog var nok, stengde eit rotvelta tre også ein kort periode E16 ved Vossestrand i nærleiken av Vinje.

Føret i området var i 12-tida torsdag så sleipt at så godt som alle vogntog stoppar for å leggje på kjettingar. Ved Tvinde stod seks vogntog i same ærend klokka.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Trevelt på E16

VEGBOM: Dette treet sa takk for seg og stengde for trafikken på E16 i Voss kommune.

Foto: Arne Hofseth

– Ta med niste

Det er venta full storm i Hordaland utover ettermiddagen og kvelden torsdag.

Politiførstebetjent Skeie ved Voss lensmannskontor rår bilistane om å rekne god tid om dei skal på langtur.

– Ta med niste og ta det med ro, så kjem ein nok fram til slutt.

I Nordhordland er erjesambandet Fedje - Sævrøy er innstilt frå klokka. 13.15 grunna uvêret. Også fv. 552 ferjestrekningen Hattvik - Venjaneset er innstilt, mens fv 546 Sandvikvåg-Husa redusert kapasitet med færre avgangar.

E16 Vinje

FULL VINTER: Slik ser det ut ved Vinje, ikkje langt Stalheim der fleire vogntog fekk problem.

Foto: Statens vegvesen, nettkamera