Hopp til innhold

Vil oppretta gatehospital i Bergen

KrF vil bruka 20 millionar på eit nytt helsetilbod for rusavhengige i Bergen. Partiet vil kopiera gatehospitalet som Frelsesarmeen har ansvar for i Oslo.

Gatehospitalet i Oslo

Gatehospitalet i Urtegata i Oslo. Eit slikt tilbod som Frelsesarmeen driv i hovudstaden vil KrF også ha i Bergen.

Foto: Carina Eide Øyan / Frelsesarmeen

Forslaget om det nye helsetilbodet for rusavhengige kjem fram i partiet sitt alternative statsbudsjett som vert lagt fram i dag. KrF funne fram 20 millionar kroner til å oppretta eit gatehospital basert på det som Frelsesarmeen har i Oslo.

– Me veit at mange av dei rusavhengige går rundt og lir med ting som dei kunne fått hjelp til. Og Frelsesarmeen har gjort ein formidabel jobb her i Oslo, seier helsepolitisk talskvinne Olaug Bollestad i KrF til NRK.

Vil ha midlane på plass neste år

KrF ser store likskapar mellom pasientgruppa i Oslo, som i dag har tilbodet med gatehospital, og pasientgruppa i Bergen.

– Bergen har dei same utfordringa som Oslo har. Det er eitt behov for å styrke omsorgstilbodet til personar med tunge ruslidingar, seier Bollestad.

– Per i dag blir ikkje alltid dei varetatt av det offentlege, fordi dei ikkje møter opp der, men dei møter opp til lågterskeltilbod som gatehospitalet i Oslo. Me vil ha det til fleire byar, og føreslår Bergen først.

– Når kan eit slikt tilbod opprettast i Bergen?

– No skal vi forhandla med Høgre, Frp og Venstre først, men me håpar å legge dei 20 millionane på bordet til neste år, svarar Bollestad.

Olaug Bollestad

Helsepolitisk talskvinne i KrF, Olaug Bollestad.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Tillegg til sprøyterom

I Bergen har debatten om innføring av sprøyterom rasa, og spesielt aktuelt vart det i innspurten av valkampen. Den nye byrådsplattforma til Ap, Venstre og KrF slår fast at det skal opprettast sprøyterom i Bergen.

KrF meiner politikarane sviktar om lågterskeltilbod til rusmisbrukarar berre handlar om sprøyterom og brukarrom.

– Eit gatehospital slik som det i Oslo vil hjelpa dei rusavhengige i Bergen som har store og samansette problem, meiner Bollestad.

Ønskjer tilbodet velkommen

Fersk sosialbyråd i Bergen, Erlend Horn (V) håpar KrF vinn fram i forhandlingane med Venstre og regjeringspartia.

– Alle midlar som vil styrke rustilbodet i Bergen ønskjer vi hjarteleg velkommen. Vi har helsehjelp knytt til MO-sentra og Kirkens Bymisjon, men det vil alltid vere behov for slike tilbod som eit gatehospital likevel, seier Horn.

Horn seier eit eventuelt gatehospital blir eit supplerande tilbod til det som allereie eksisterer av helsehjelp til rusavhengige i Bergen.

– Signalet frå KrF er veldig positivt og eg håpar dei får gjennomslag for det. Så skal vi finne gode måtar å gjennomføre dette lokalt på.

Rebekka Ljosland frå KrF og Erlend Horn frå Venstre i Bergen

Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) og sosialbyråd Erlend Horn (V) ønskjer forslaget om gatehospital i Bergen velkommen.

Foto: Sølve Rydland / NRK