I dag la regjeringa fram forslag til nye energikrav. Desse skal gjere det mogleg for nye bustadar å bli meir energieffektive.
– Dei nye krava vil innebere at forbruket går ned med ca. 26 %, det blir meir miljøvenlege bustadar og det blir lågare straumrekningar for folk flest, seier kommunal- og moderniseringsminister, Jan Tore Sanner.
Forslaget går ut på at nye bustadar blir 26 prosent meir energieffektive og nye kontorbygg blir 38 prosent meir energieffektive samanlikna med dagens krav. Nye krav kan spare like mykje energi som 50.000 til 60.000 hushald. Det svarar til energiforbruket til om lag alle hus i Stavanger.
– Bygg står for 40 prosent av energibruken og dette må vi redusere. Dei nye krava er ei oppfølging av Klimaforliket, seier Sanner.
- SJÅ OGSÅ:
- SJÅ OGSÅ:
– Ei stor miljøutvikling
I dag tok Sanner turen til byggjebransjen for å snakke om meir miljøvenlege bygg. Her kunne han sjå verdas høgaste trehus i Bergen som allereie ligg føre dei nye krava.
– Vi ser det nødvendig å heile tida skjerpe krava litt i forhold til det som har vore tidlegare og for å drive bransjen framover. Dei krava som er stilt no er ikkje avskrekkande for vår bransje, meiner Prosjektsjef BOB, Ole Kleppe.
40 prosent av all energi i Noreg vert brukt i bygg, difor vil regjeringa no få ein meir miljøvenleg bygningsmasse.
– Det har vore ei stor utvikling i miljøvenlege og energieffektive bygg dei siste åra. Forslag til nye energikrav ligg på passivhusnivå. Det betyr energieffektive bygg som held på varmen og bruker effektiv teknologi, seier Sanner.