Hopp til innhold

Måtte stenge E16 for å fjerne lastebil

Lastebilen som velta på E16 ved Oppheimsvatnet i dag tidleg er no fjerna, men det ligg framleis mykje stein i vegen. Trafikken blir dirigert forbi staden.

IMG_2140.jpg

LASTA MED LECASTEIN: Traileren blokkerer deler av vegen på E16, og det ligg strødd med lecastein.

Foto: Tipser

Politiet stengde E16 ved Oppheimsvatnet i ein time for å dra vekk vogntoget som velta i dag tidleg.

– Det er enno masse stein der, så maskiner ryddar vekk desse no. Det er difor dirigering forbi staden og det vil nok gå ei stund før vegen er heilt open for fri ferdsel, seier Tore Tysse, trafikkoperatør ved Statens vegvesen.

Dirigerte trafikken

Statens vegvesen kunne klokka 10:30 opplyse at alle kunne kan passere staden.

– Politiet dirigerer trafikken i området, men alle får passere no, også store køyretøy, sa Tysse,

Lastebilen ligg enno i vegen og Statens vegvesen trur det vil ta lang tid å fjerne den sidan lastebilen ligg heilt på sida.

Strødd med lecastein

Politiet fekk melding klokka 08:15 frå ein innringar at ein trailer hadde køyrt utfor på austsida av Oppheimsvatnet.

– Føraren kom seg ut av bilen. Han har smerter i skuldra og blødde frå ein arm, seier operasjonsleiar Terje Magnussen ved Hordaland politidistrikt.

Det ligg strødd med lecastein i vegbanen og traileren blokkerer delar av vegen.

– Traileren er lasta med lecastein og det ligg stein overalt, fortel Magnussen.

– Har dykk ei meining om kva som kan ha skjedd?

– Det har vi ikkje enno, men det er berre denne traileren som er involvert, seier Magnussen.

Politiet vil undersøke vidare kva som kan ha skjedd.

Oppheimsvatnet