Hopp til innhold

Til fjells i tynne klede og sandalar

– Reiselivet må bli flinkare til å åtvare turistar om korleis den norske fjellheimen kan vere, seier Helene Ødven i Turistforeningen.

Hardangervidda

Margaret Aare i Den Norske Turistforening i Bergen meiner fleire turistar burde få råd om korleis dei må førebu seg på fjelltur i den norske fjellheimen.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

– Dei har ofte for tynne klede, og gjerne joggesko oppe i snø. Det verste er kanskje sandalar, seier Helene Odven som er dagleg leiar i Turistforeningen.

Hos Den Norske Turistforening i Bergen får dei besøk av mange som klart ikkje er budde på høgfjellet.

  • LES OGSÅ:

– Me brukar ein del tid på å forklare korleis forholda kan vere på denne tida av året og at det er midt mellom to sesongar. Det er mange forholdsreglar å ta, seier Margaret Aare i Turistforeningen.

– Må bli flinkare til å åtvare

Helene Ødven

Helene Ødven som er dagleg leiar i Turistforeningen meiner fleire turistar burde få råd om korleis dei kan planlegge turen sin før dei legg ut i den norske fjellheimen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Chris Lake og Tamsin Howe frå England har mange spørsmål før dei skal tilbringe fem døgn på Hardangervidda. Det er første gong til fots i norske fjell, og dei vedgår at dei ikkje heilt veit kva dei går til.

– Nei, ikkje eigentleg. Det einaste me veit er vel at der er ei vilt langskap, seier Chris Lake.

Helene Ødven, dagleg leiar i Turistforeningen, meiner reiselivet må bli flinkare til å åtvare om korleis turen kan bli.

– Reiselivet må bli flinkare til å fortelje om korleis folk kan planlegge turen sin. På nettsider og brosjyrar og andre stader me prøvar å lokke folk ut, må me også bli flinkare til å fortelje om kva forholdsreglar folk må ta.

«Skulle gjerne sett fleire her»

Margaret Aare

Margaret Aare skulle gjerne hatt fleire turistar innom for å kunne gi dei råd før dei legg ut på tur i den norske fjellheimen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Margaret Aare seier ho gjerne skulle sett at fleire kom innom for å få gode råd før dei tek turen til fjells.

– Me prøver å forklare så godt me kan, men me veit at mange tek turen utan å kome til oss først. Me skulle gjerne sett fleire her, seier Aare.

Chris og Tamsin har kjøpt kart og ullundertøy. Dei er klare for fem dagar for vidda. trur dei.

– Eg er litt redd for mengda med snø. Me har begge gått mykje i fjellet, men ikkje noko som dette. Det blir nok ein test.

Chris Lake og Tamsin Howe

Chris og Tamsin Hawe er klare for fem dagar på vidda etter å ha kjøpt kart og ullundertøy.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK