Hopp til innhold

Omkomne henta ned frå fjellet

Dei to mennene som blei funne døde etter flystyrten på Voss er no frakta ned frå fjellet. Politiet håpar å få ned flyvraket i morgon.

Flytstyrt på Voss

HENTA NED: Dei omkomne blei i ettermiddag henta ned til Bavallen, og frakta vidare derifrå med bil.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

To omkom i flystyrt på Voss

SNØSKUTER: Dei omkomne blei frakta ned frå fjellet med snøskuter.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Dei omkomne blei frakta ned til Bavallen for få minuttar sidan, seier lensmann Ivar Hellene til NRK.no like før klokka 15.

Om lag tre timar tidlegare stadfesta lensmannen at dei hadde funne to døde personar inne i flyvraket som blei funne på Stora Volavatnet i går ettermiddag.

Dei to blir ifølgje lensmannen send vidare til obduksjon ved Gades institutt i Bergen.

– Eg kan enno ikkje stadfeste at det er dei to sakna då dei ikkje er identifisert enno. Men det er ingenting som tydar på at det er nokon andre enn dei sakna som er funne inne i flyet, seier Hellene til NRK.

Skal undersøkja vraket

Flyvraket blir liggande der det styrta til i morgon.

– Vi håpar å få frakta vraket ned til Voss sentrum med helikopter i morgon. Då vil vi undersøkja vraket nærare, seier lensmannen.

Han vil ikkje seia så mykje om korleis etterforskinga blir lagt opp dei næraste timane og dagane.

– Først må vi undersøkt vraket, seier Hellene.

Ekspertar frå Norges Luftsportforbund deltar i granskinga av flystyrten på Voss.

Helikopterbilder fra Voss, Volavatnet og flyet som har krasjet.

Grov seg fram

NRK har i dag vore i helikopter over ulukkesstaden der ni personar som deltek i gravearbeidet har kome fram til Vossafjella. Mannskapet hadde då byrja å grave fram flykroppen for å kome fram til cockpiten på flyet som i går vart funne styrta i Vossafjella.

– Gravearbeidet har gått betre enn frykta. I går kveld hadde vi to mann der oppe som prøvde å grave seg ned og kome til flyet, utan å lukkast. Då dei ikkje klarte det, la dei mykje snø over flyet for å unngå at det skulle fryse til, seier lensmann Ivar Hellene.

Ivar Hellene

STORE SKADAR PÅ FLYET: Lensmann Ivar Hellene på Voss seier flyet har store skadar etter styrten.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Flyet har styrta ned i snøen i ein vinkel på 45 grader, og har knekt i to i samanstøyten.

Pårørande varsla

Klokka 11.10 fortel Hellene at mannskapet arbeider med å stroppe flyet for å forsøke å heva det.

– Flykroppen er ganske mykje skada, derfor sit dei omkomne fast i cockpiten. Det me prioriterer no er å få dei ut og deretter transportere dei ned til Voss, seier lensmannen.

To menn på 33 og 48 år er sakna etter at dei tok av frå Bømoen søndag.

Dei pårørande til dei to er varsla om funnet. Dei to sakna er formelt ikkje identifisert.

Flyvraket vil bli forsøkt dratt inn på land ved Volavatnet så raskt som mogleg, etter at dei døde er frakta bort.

Lensmann Hellene vil så langt ikkje seie noko om årsak til ulukka.

– Ekspertar på småfly og to etterforskarar frå Voss lensmannskontor skal no studere vraket og etterforske saka vidare, seier han.

Rosar mannskapet

Fire personar frå Røde Kors, tre frå Voss brannvern, éin kjentmann frå BKK, og éin frå luftsportsforbundet tok seg inn til ulukkesstaden onsdag morgon. I tillegg har to politimenn som var på staden i natt, delta i arbeidet i dag.

– Arbeidet går etter planen, og dei som er på staden gjer ein strålande jobb, sa lensmannen tidlegare i dag.

Flyet tok av frå Bømoen flyplass måndag ettermiddag. Då ein av dei to flygarane ikkje kom på jobb tysdag, vart dei meldt sakna.

Flystyrt på Voss