Hopp til innhold

– Har byrja å grava fram flyvraket

Ni mann er komen fram til Vossafjellet og har starta arbeidet med å grave seg fram til cockpiten på flyet som i går vart funne styrta i Vossafjella.

Hytta ved Vola

REDNINGSARBEID I DAG: I dette området, ved Volavatnet og Volahytta, er det at mikroflyet vart funne styrta i går. I dag startar redningsarbeidet for å komme seg fram til flyet.

Foto: Voss utferdslag

Når flyet styrta har det bora seg ned gjennom skaren. Når har det frose til har isen lagt seg som ei kappa rundt cockpiten. Det kan bli vanskeleg å saga seg gjennom.

Ivar Hellene, Lensmann i Voss

Mannskapet var framme på ulukkesstaden like før klokka 11.00 i dag, seier lensmann i Voss, Ivar Hellene til NRK.

Tysdag kveld innstilte politiet aksjonen ved Volavatnet i Vossafjella, der det styrta mikroflyet vart funne tysdag ettermiddag.

Ni mann på veg til fjellet

Ivar Hellene

FRYKTAR VANSKELEGE FORHOLD: Lensmann i Voss Ivar Hellene er redd forholda på fjellet har forverra seg i løpet av natta.

Foto: NRK

To menn på 33 og 48 år er framleis sakna. I dag startar aksjonen opp igjen, med hjelp frå Norges Luftsportforbund som skal prøve å finne ut kva som var årsaka til styrten.

– Det er ni mann på plass på staden. Med seg har dei seks skuterar, og éin ATV, fortel Hellene.

Fire frå Røde Kors, tre frå Voss brannvern, éin kjentmann frå BKK, og éin frå luftsportsforbundet er på veg til ulukkesstaden. I tillegg skal to tenestemenn som var på staden i natt delta i arbeidet i dag.

Hellene fortel at dei har med seg naudsynt utstyr for å klara å grava fram flykroppen for å komme ned til cockpiten.

– Me vil då finne ut om dei sakna er der.

– Forholda på staden var betre enn vi frykta

Lensmannen seier at gravearbeidet kan sjå ut til å gå betre enn det som var frykta.

– Dette ligg jo 950 meter over havet. Det er cirka 40 centimeter tjukk is i botn, over der ligg det overflatevatn, og over der igjen ligg det slaps, snø og hard skare. Me fryktar først at forholda har forverra seg. No ser det ut til at arbeidet går enklare enn vi hadde venta.

– Når flyet styrta har det bora seg ned gjennom skaren og når har det frose til har isen lagt seg som ei kappa rundt cockpiten. Det kan bli vanskeleg å saga seg gjennom isen.

Nært samarbeid med politiet

Mikrofly savnet på Voss

MELDT SAKNA: Det er dette flyet som i går vart meldt sakna. Etter ein kort leiteaksjon vart flyet funne styrta i fjellet i Voss.

Tom Bjerke

JAKTAR ÅRSAK: Tom Bjerke i Norges Luftsportforbund.

Foto: Norges Luftsportforbund

Det er Luftsportforbundet si oppgåve å kome fram til årsakssamanhengar og leggje fram ein rapport som konkluderer med kva som har skjedd og kva ein eventuelt kan gjere for å unngå liknande i framtida.

På lik linje som Statens havarikommisjon gjer undersøkingar på andre typar flyulukker, har Luftsportforbundet ansvar for fallskjerm-, hang- og paragliderulukker, samt mikroflyulukker.

I løpet av onsdag føremiddag er dei to representantane i havarikomitéen til Luftsportforbundet på plass på Voss.

– Deira oppgåve blir å prøve å finne fram til årsakssamanhengar, så det vil sjølvsagt vere i nært samarbeid med politiet med det arbeidet dei gjer på staden, seier Bjerke.

– Sjeldan tekniske årsaker

Volahytta ved Volavatnet

MYKJE SNØ: Det er kring to meter snø i området. Flyet ligg knekt i to i vasskorpa i Volavatnet.

Foto: Voss utferdslag

Arbeidet vil bestå i å gjennomføre ein heil del tekniske undersøkingar og ta bilete av havariet for å kunne dokumentere alt som kan dokumenterast.

– Det som er av flykyndig personell som vi sender dannar seg veldig fort eit bilete av moglege scenario ut frå den flyfaglege bakgrunnen dei har, seier Bjerke.

Han fortel på generelt grunnlag at det sjeldan er tekniske problem på flyet som er årsak til slike havari.

– Gjennom dei havaria som har vore opp gjennom åra har det i all hovudsak vore menneskeleg faktor som har vore inne i biletet, utan at det kan sjåast i samanheng med denne hendinga.

Ifølgje Bjerke var førre fatale mikroflyulukke i 2010. Då var det to ulukker på seks dagar. Før det er det fem år sidan førre ulukke.

– Det er ikkje høge tal, men vi ønskjer jo sjølvsagt ikkje at slikt skal skje i det heile teke, seier han.

– Knekt på midten

Tysdag kveld måtte politiet gi opp forsøka på ta seg til cockpiten på flyet, som ligg nedgrave under snø og is.

– Situasjonen er at flyet ligg i to meter snø, som igjen ligg på eit islag på rundt 40 centimeter. Det har danna seg ei hinne med is og vatn rundt flyet som gjer at utstyret våre mannskap hadde med seg ikkje var godt nok for å grave seg fram til cockpiten, sa lensmann i Voss, Ivar Hellen til NRK.

Ifølgje han har flyet knekt på midten, og medan cockpiten ligg under snøen, ligg halepartiet og vengene knekt på oppsida av snøen. Hellene trur ikkje det kan ha vore snakk om eit landingsforsøk, då flyet har styrta i ein 45 graders vinkel.

Det er også lite som tydar på at dei sakna mennene på 33 og 48 år har kome seg ut av flyet.

– Vi kan ikkje sjå bort frå det, men det er ingenting som tyder på det, seier lensmannen.