Hopp til innhold

Stilte til start i «husmorform»

Tidlegare verdsmeister Gro Marit Istad Kristiansen var tilbake i skisporet fredag, ni år sidan førre NM.

Tidlegare verdsmeister Gro Marit Istad Kristiansen frå Voss stilte i dag til start i NM i heimbygda, til tross for det ho kallar husmorform. Vil tru at både husmødre og husfedre flest ville fått problem med å henga med.

SJÅ VIDEO: Den tidlegare verdsmeisteren stilte til start i NM i skiskyting på Voss. Korleis det gjekk, ser du i videoen over. Reporter: Mette Anthun | Foto/redigering: Christine Kongsvik

– Det er ganske lenge sida, seier Istad Kristiansen og bryt ut i latter.

36-åringen frå Voss har hatt ein flott karriere som skiskyttar. To gonger har ho vore verdsmeister. Det er fleire år sidan ho la opp så ho var spent på forma før start fredag.

– Eg har funne fram nokon gode gamle ski og må ha god gli, seier ho i retning mannskapet i smørebua.

Men om Istad Kristiansen var skeptisk til sin eigen sokalla "husmorform", hadde andre trua på den tidlegare verdsmeisteren.

– Ho undervurderer seg sjølv. Ho snakka om at ho ikkje har fått trent, har fått ungar og byggjer hus. Men vi veit at ho har trena litt innimellom, smiler ein publikummar lurt.

Skaut seg vekk

Tobarnsmora begynte veldig bra i sporet, men skaut seg vekk på første ståande. Fem bom vart resultatet, medan ho bomma tre gonger på liggjande.

– Eg skjønte fint lite når ingen blinkar gjekk ned på første skyting, ler ho etter målgang.

– Åtte bom er åtte for mange. Men forma var bra i sporet.

Spøkte om comeback

Den levande legenda Ole Einar Bjørndalen stiller også i NM i skiskyting. Han har runda 40 år, men blir å finna i skisporet i nokre år til.

– Det blir comeback på ho no, det er jo VM i Oslo. Kanskje ho begynnar på igjen, spøkte Bjørndalen i målområdet.

I dag er det fellestart som står på programmet. Kvinnene sitt renn ser du direkte på NRK1 klokka 17.00 medan mennenes renn byrjar klokka 18.00 på same kanal.