Hopp til innhold

Spiret har falle, og delar av Bergen er stengt av

«Nina» har tatt spiret på Rosenkrantztårnet på Bradbenken i Bergen. – Det svaia noko veldig, og så brakk det, seier vitne. Ei rekkje vegar er også stengde.

Spiret på Rosenkrantztårnet

SJÅ VIDEO: Spiret på Rosenkrantztårnet på Bradbenken i Bergen har blåst ned.

Rosenkrantztårnet

SPIRET RASTE: Rosenkrantztårnet ved Håkonshallen i Bergen har mista spiret sitt.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– No ser eg rett bort på Rosenkrantztårnet, og no manglar det spiret. Det brakk og falt i bakken i retning sentrum, seier Tove Bjørnestad.

– Det var fælt, eg fekk eit gufs over meg. Eg må seie at eg føler at sjøen berre renn inn over fjorden no, og det ein vanvitig høg vass-stand, seier ho.

Stod inne og observerte

Spiret på Rosenkrantztårnet

PÅ BAKKEN: Spiret på Rosenkrantztårnet ligg på bakken.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Tove Bjørnestad bur ikkje langt frå Rosenkrantztårnet som er rekna som det viktigaste renessansemonumentet i Noreg. Deler av tårnet er frå 1270-åra.

– Vatnet slår over bilvegen fleire gonger, og det er ikkje noko kjekt. Me er veldig nær elementa for å seie det slik, seier Bjørnestad.

– Eg stod berre inne og såg ut. Eg tenkte «himmel og hav, kva skjer», og plutseleg ser eg heile masta som står over kuppelen som raste utfor. Då er det krefter i sving her, altså, og mastene som står langs kaien står berre og svaiar, sikkert fleire meter i svaien, seier ho.

Sperrar vegar

Politiet i Hordaland politidistrikt får meldingar frå heile fylket, og vegar er sperra av.

– Det er avstengt på ei rekkje vegstrekningar, Askøybrua er stengt på ubestemt tid, og me har akkurat opna for normal ferdsel på Nordhordlandsbrua, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Bjarte Rebnord til NRK klokka 17.20.

– Me har også ein patrulje på Hagensundbrua som, å vurdere den, og me har veldig mange meldingar frå privatpersonar som får skadar på hus og eigedom.

Sperrar av rundt Sentralbadet

På Sentralbadet i Bergen sentrum har også politiet sendt ein patrulje.

– Det er noko arbeid som går føre seg på taket, og det er sett opp ein del presenningar og stativ der. Det er frykt for at noko av dette kan losne og falle ned, seier Rebnord.

– Me dirigerer trafikken og får den utanfor bygget der, og me held folk unna. Brannvesenet er også på veg for å gjere skikkeleg undersøkingar, seier han.

NRK har også fått opplysningar om at Forsvarsbygg har sperra av området rundt Bergenhus festning.

Politiet har ikkje fått melding om personskadar så langt.

NRK oppdaterer saka.

SJÅ VIDEO:

Området rundt Sentralbadet er sperra av.

SJÅ VIDEO: Området rundt Sentralbadet er sperra av.