Hopp til innhold

Sjå spekkhoggarar leike ved land

Rune og Kjell Andersland fekk ei fantastisk oppleving då dei såg spekkhoggarar boltre seg i vatnet – like ved land.

fire spekkhoggarar svømte og leika seg i vatnet utanfor Bildøy i Fjell kommune i går.

– Eg har aldri sett dei her før. Det var heilt unikt.

Rune Andersland og faren Kjell Andersland fekk i går ei heilt spesiell oppleving utanfor Bildøy i Fjell kommune, vest for Bergen.

Fire enorme spekkhoggarar leika og svømte rundt i vatnet ved kaien dei stod på.

Rudne Andersland

– DEI VAR ENORME: Rune Andersland og faren Kjell Andersland kom over fire spekkhoggarar som svømte utanfor Bildøy i Fjell kommune.

Foto: Privat

– Det svømte rundt oss og kom ganske nært inn mot kaien. Den største av dei var på størrelse med ein personbil. Den var massiv!, fortel Rune.

– Det var faktisk litt skummelt når dei kom så nære, for dei var så enormt store.

Han har aldri sett spekkhoggarar i dette området før.

– Heller ikkje farfar min har sett spekkhoggarar her før. Men det er vel maten som har fått dei inn hit, for det er mykje sild i fjorden.

LES OGSÅ: Fekk blinkskot av spekkhoggar - Hordaland

Følgjer matfatet sørover

– Det er nok silda som har trekt dei inn til Bildøy ja, stadfestar biolog og direktør ved Akvariet i Bergen, Kees Oscar Ekeli.

Det svømmer om lag 5000 spekkhoggarar kring om i dei norske farvatna, fortel Eikeli og det er ikkje uvanleg å sjå dei langs kysten og inne i fjordane.

Spekkhoggarane følgjer nemleg den same ruta frå nord til sør kvart år. Og det er ikkje dei som avgjer ruta, det er silda.

– Sildestimane kjem inn til kysten av Nord–Noreg rundt januar. Då samlar det seg ein masse spekkhoggarar her. Så byrjar silda å vandre sørover til der dei skal gyte, og då følgjer spekkhoggarane etter, fortel Ekeli.

– Det skjer kvart år. Du kan følgje vandringane. I byrjinga av mars er dei utafor Møre og i april har gjerne silda komme utanfor Bergen. I halen på sildestimen følgjer det alltid ein flokk spekkhoggarar.

Når silda har gyta svømmer dei vidare ut i Norskehavet. Difor er det berre mogleg å sjå dei inne ved land på denne tida av året.

LES OGSÅ: Så spekkhoggere fra fergen - Hordaland

Spekkhoggarar

FØLGJER MATEN: Der silda dreg, følgjer spekkhoggarane etter. Dette er truleg årsaka til at folk på Bildøy fekk sjå spekkhoggarane svømme rundt i fjorden i går.

Foto: Kjell Andersland