Hopp til innhold

Fekk blinkskot av spekkhoggar

Fotografen knipsa bilde av spekkhoggaren, og såg ikkje før etterpå at han hadde ei nise i kjeften.

Spekkhoggar med nise i kjeften

EIN BRØKDEL AV EIT SEKUND: Fotografen knipsa bildet akkurat i det rette øyeblikket.

Foto: Anton Berndt

Zoologen Torstein Solhøy frå Universitetet i Bergen var langfredag på biltur langs Eikelandsfjorden i Fusa saman med venen Anton Berndt frå New Zealand.

Då oppdaga dei ein flokk med spekkhoggarar på fjorden. Dei stoppa på kaien i Eikelandsosen, og Berndt tok fram kameraet for å ta bilde.

– Fantastisk oppleving

Det var mange niser på fjorden samtidig, og plutseleg glefsa den eine spekkhoggaren til og fanga ei nise på 20-30 kilo.

Akkurat då knipsa fotografen eit bilde.

– Eg la ikkje merke til at spekkhoggaren hadde noko i munnen før etter at eg hadde tatt bildet og såg det på kameraet, seier fotografen til NRK.

– Korleis reagerte du då?

– Eg blei jo veldig overraska, seier Berndt.

Han opplever dei norske fjordane for første gang, og syns det var fantastisk å få oppleva dette.

– Det er ganske unikt å få bilde av noko slikt, så vidt eg kan bedømma, seier zoolog Torstein Solhøy til bt.no.

  • Har du opplevd spekkhoggarar? Skriv gjerne om opplevinga i kommentarfeltet nederst.

Mange har møtt spekkhoggarar

Det har vore spekkhoggarar fleire stader på Vestlandet dei siste vekene, blant anna i Sandeidfjorden i Rogaland og ved Vadheim i Sogn og Fjordane.

I Fusa fortel folk at dei nyleg har sett spekkhoggarar både ved Sævareid og i Ådlandsfjorden.

Mange seier at dei har hatt store naturopplevingar i møtet med spekkhoggarane.

– Det var eit fantastisk syn. Dette er slett ikkje kvardagskost på desse trakter, seier Gunn-Marit Hårde som opplevde spekkhoggarar i Sandeidfjorden (sjå video under).

Spekkhogger

SJÅ VIDEO: Møte med spekkhoggarar i Sandeidfjorden.