Hopp til innhold

Høgre-politikar tiltalt for overgrep

Ein Høgre-politikar i Hordaland er tiltalt for å ha misbrukt ei jente frå ho var 11 til 13 år. – Klienten min erkjenner ikkje straffskuld, seier advokat Lars Christian Sunde.

Tinghuset i Bergen.

TINGHUSET I BERGEN: Ein aktiv Høgre-politikar er tiltalt for seksuelt overgrep mot ei ung jente. Rettssaka vert halde i Nordhordland tingrett i Bergen tinghus.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Ein Høgre-politikar er tiltalt for seksuelt overgrep mot ei ung jente, skriv BA.no

Overgrepa skal ha skjedd fleire plassar, mellom anna heime hos politikaren i perioden 2010 til juni 2012.

– Klienten min erkjenner ikkje straffskuld. Utover det ønskjer eg ikkje å kommentere saka på dette tidspunktet, seier advokat Lars Christian Sunde til NRK.

Mannen er vald inn som medlem i både formannskapet og i kommunestyret i ein kommune i Hordaland.

Den tiltalte Høgre-politikaren skal også ha vore aktiv i det lokale ungdomsmiljøet. Ifølgje møteprotokollane i kommunen har mannen dei siste månadane meldt forfall til politiske møter.

Jenta og tiltalte var naboar

Statsadvokaten i Hordaland tok ut tiltalen i slutten av mai. Det er no sett av tre dagar til rettssaka i desember. Rettssaka vert halden i Nordhordland tingrett.

Statsadvokaten varslar at det er aktuelt å legge ned påstand om at mannen må betale erstatning og oppreising til jenta.

– Dei to har vore naboar, og ho har vore ven med veslebror hans. Dei har vore saman i ulike situasjonar og ho har også overnatta heime hos han, seier statsadvokat Benedicte Hordnes.

– Me blei kjend med saka då nokon i jentas omgangskrets melde forholdet.

Mannen er tiltalt etter Straffeloven § 195 første ledd første straffealternativ. Strafferamma for seksuell omgang med barn under 14 år er inntil ti års fengsel.

Har trekt seg frå politisk aktivitet

Liv Kari Eskeland

BLEI ORIENTERT OM SAKA I FJOR: – Me var i dialog med mannen for vel eit år sidan, der han orienterte om at dette kunne bli ei sak, seier leiar i Hordaland Høgre Liv Kari Eskeland.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Leiar i Hordaland Høgre, Liv Kari Eskeland seier dei blei kjend med saka for eit år sidan.

– Me var i dialog med mannen for vel eit år sidan, der han orienterte om at dette kunne bli ei sak. No registrerer me at det er tatt ut tiltale.

Hordaland Høgre har råda mannen til å trekke seg frå politisk aktivitet, medan saka vert etterforska. Det har tiltalte også gjort.

– Etter dialog med ordførar har han trekt seg frå politiske møter og fått fritak frå dei politiske møta han skulle ha stilt i, seier Eskeland.

– No må påtalemyndigheitene få gjere jobben sin. Det er viktig at ingen av oss andre dømmer før dei som har den jobben får gjere det dei skal.