Hopp til innhold

Politiet i Hordaland har fått over 40 terrortips

– Me arbeider kontinuerleg med å sjekke ut opplysingar og tips, seier stabssjef Gustav Landro i Hordaland-politiet.

Politi

FÅTT OM LAG 40 TIPS: Alle tips politiet får inn i samband med terrortrusselen blir vurdert. Nokre blir lagt vekk, medan andre blir følgt nærmare opp. Her er politiet ute på seglskutearrangementet Tall Ships Races i Bergen i går kveld.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Politiet i Hordaland har mottatt om lag 40 tips frå publikum knytt til terrortrusselen dei siste dagane.

Gustav M. Landro

FÅTT OVER 40 TIPS: Det er betre å ringe ein gong for mykje enn for lite – innbyggarane er viktige auge for politiet, seier stabssjef Gustav Landro i Hordaland politiet.

Foto: Steinar Nedkvitne

– Me vil gjerne ha fleire. Det er betre å ringe ein gong for mykje enn for lite – innbyggarane er viktige auge for politiet, seier stabssjef Gustav Landro i Hordaland politiet til BT.no.

Alle tips politiet får inn blir vurdert. Nokre blir lagt vekk, medan andre blir følgt nærmare opp.

– Me har fått sjekka ut dei fleste tipsa me har fått inn. Ser folk noko dei vurderer som mistenkeleg oppførsel kan dei ta kontakt med politiet, seier Landro til NRK.

LES OGSÅ: Politiet får hjelp av Forsvaret - NRK – Norge

Har ikkje registrert hendingar knyta til terrortrusselen

Så langt har ikkje politiet i Hordaland registrert nokre hendingar i samband med terrortrusselen.

– Dei fleste tipsa me får er reflekterte tilbakemeldingar frå publikum. Me opplever ikkje at det er mange som er redde, seier Landro.

Dersom du har tips til politiet kan du ringe telefonnummer 02800.

Politiet held førebels beredskapen på same nivå som då dei blei varsla om terrorfaren torsdag.

– Me har fått beskjed om at den auka beredskapen skal vare innanfor ein avgrensa tidsperiode, men me planlegger at det skal halde fram over fleire dagar. Kor lenge veit me ikkje før me får nærmare beskjed frå Politidirektoratet, sa Politimeister i Hordaland politidistrikt, Geir Gudmundsen til NRK i går.

Ifølgje Politimeisteren kan politiet komme til å justere beredskapen opp eller ned i løpet av helga.

– Når noko spesielt skjer får me beskjed om det. Skjer det noko som har betydning for dette politidistriktet, så vil politiet få vite om det med ein gong.

Politifolk avbryt frivillig ferien

Etter den varsla terrortrusselen, kalla Hordaland politidistrikt tilbake tilsette frå ferie. Landro seier mange av deira tilsette frivillig har avbrote ferien for å komme og hjelpe til.

– Me får mange telefonar frå politi på ferie, som tilbyr seg å avbryte ferien og komme tilbake på jobb.

– Det har ikkje vore vanskeleg å få å folk til å stille opp.

LES OGSÅ: Luftrommet over Bergen er stengt - Hordaland

gustav landro

KONTROLLERER KOLLEKTIVKNUTEPUNKT: Politiet held førebels beredskapen på same nivå som då dei blei varsla om terrorfaren torsdag. Her er politiet på kontroll på togstasjonen i Bergen.